Skip to content
27/04/2009 / kjersti70

Mitt brød

Det luktar godt i leiligheten:

mitt-brod

Brødet eg bakar er gjort i ein fei; særlig når ein har ein god kjøkkenmaskin. Det smakar godt, og kan utan problem bli ete av alle i familien. Det blir litt dyrt i lengden, så eg skjer det opp i skiver og frys det ned med papir mellom kvar skive. Dette er brødet ho får å ete 🙂 Oppskrifta er aldri heilt den same, men eg brukar alltid ein pakke Grov mix frå Semper og ein pose Grov melblanding frå Toro.

1 pakke grov mix frå Semper
1 pose grov melblanding frå Toro
3 nevar glutenfritt havregryn
Eit dryss med quinoa
1 boks cottage cheese (i dag var den utgått på dato)
varmt / kaldt vatn oppi cottage cheese’n, juster til 9 dl og 37 grader
1 pakke gjær
1 ts salt
Bland det tørre. Bland cottage cheese (eller anna melkeprodukt som t.d. melk eller kesam) med varmt og kaldt vatn til det er fingervarmt. Rør gjæren ut i dette dersom du brukar fersk gjær. Plump det i det tørre og la maskina elte det nokre minutt. Spa deigen ut i to brødformer; silikonformer er supert! La deigen heve i 20-30 minutt. Pensle med melk om du vil, og steik ved 220 grader i 30 minutt.

Og slik likar snuppa gjerne å ete det som kveldsmat; skore i bitar og dyppa i flytande eggeplomme

dyppe-egg

Appetitt!

ete3

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: