Skip to content
17/04/2009 / kjersti70

Gode pannekaker

panne1

Ikkje direkte sunn kveldsmat i kveld, men ungane var flinke å ete middag, så då går det an 🙂 Bildet over er av mi islandske pannekake-steikepanne. Yepp, på Island har ein eigne steikepanner for pannekaker. Dei skal egentlig bli heilt svarte til slutt, men mi er berre to år gammal, så det gjenstår mange år før ho får den riktige «looken». Pannene har sett sånn ut sidan 1947. Forma her heilt basic, og vart laga av Gudmundur Haraldsson, for bedriften Malmsmidja Ámunda Sigurdssonar. Eitkvart kjøkken på Island har ei sånn panne har eg inntrykk av.

Her er mine pannekaker, glutenfrie, men på ingen måte lavkarbo, så her treng du ein solid dose insulin, enten den kjem via pumpe/sprøyte, eller du  har ein kropp som fiksar insulindosen automatisk 😀 :

2 dl. fin mjølmix (f.eks frå Toro)
1/2 ts salt
4 dl. melk
3 egg
2 ss smelta smør

Smelt smøret i steikepanna medan du rører saman resten. Hell det smelta smøret i røra og steik pannekakene. Du må kanskje ha litt smør i panna av og til. Pannekakene kan serverast med stekt flesk (også kalla bacon), eller bli strødd med sukker.

Og litt bilder frå i kveld:

steike

ete1

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. birna hjaltadottir / Apr 18 2009 18:20

    Hej, her kommer en hilsen fra amma og afi i Reykjavik. Takk for att vi faar fölge med vad som skjer i kjökkenet i Hetlevikaasen. Vi maa ogsaa lære oss att lage mat til barnbarnen naar de kommer paa besök. Bless.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: