Skip to content
16/04/2009 / kjersti70

Bok til inspirasjon

kiros

Ah, perfekt! Eg har enda ei kokebok av Tessa Kiros. Den kom i 2007, og er nå på salg hos Ark i Bergen for 199,- . Boka er elles å få hos diverse nettbokhandlerar for ein hundrelapp og to til.

Eg har ei kokebok av henne frå før; den heiter «Multer og makrellskyer», og eg kjøpte ho på grunn av det fargeglade, overdådige omslaget, og på grunn av forfattaren. Kiros er født i London av finsk mor og gresk-kypriotisk far. Ho gifta seg med ein italiener, og bur nå i Toscana. For ein herlig miks av det nordiske kjøkkenet og middelhavsmat! Heilt i mi gate!

Og nå altså «Mat for store og små«. Litt mindre poetisk tittel enn forrige bok kanskje? På engelsk heiter boka «Apples for Jam».

kiros-rispudding

Boka er så vakker i seg sjølv at det er rein lektyre å bla og lese. Det får så vere at verden kanskje ikkje er så vakker og  vidunderlig når det kjem til stykket. Ein kan stå på kjøkkenet og lage dei lekraste retter til dei små håpefulle, men det er omtrent da ein oppdagar at det var tomt for melk, eller ungane finn rett og slett ut at maten er æsj. Sånn er det nå av og til. Likevel, ein kan jo drømme seg inn i ein perfekt verden. Sitert frå boka:

Jeg vil vaske lakenene deres så de dufter av grønne enger og blomster og kjevle ut deilige sprø bakverk og koke fargerike blomster- og jordbærsyltetøy. Pakke drømmene deres pent inn og passe godt på dem – og drysse noen store brødsmuler langs stien så de ikke går seg bort…. Har jeg gitt dem nok å bygge videre på? Styrke og tro på seg selv? Har jeg vist dem nok farger? Lot jeg dem få nok iskrem og unnlot å plage dem for mye med mine engstelser? Hvordan kan vi vite hva som er rett?

Og her kjenner eg meg igjen, og eg forstår at det det heile dreier seg om er å skape gode barndomsminner. Og DETTE er ein av hovedgrunnane til at eg syns det var leit av vi fekk cøliaki og diabetes på besøk i vår familie. Mine første tankar når diagnosane var påvist var at dette var jo heilt i strid med mine tankar om mi morsrolle (egoistisk som eg var). Eg skulle jo vere ho som ein sommarsdag stakk ein sjokoladekjeks i ein brun og svett barneneve, fordi det fortsatt var ei stund til middag. Og så skulle eg sjølvsag bake boller og blåbærpaiar, gode supper og sausar, mjuk og deilig fiskegrateng med makaroni i, tilslørte bondepiker, rømmegraut med masse sukker og kanel, og pepperkaker til jul så klart. Yeah.. right.

kiros2

Heldigvis lærte eg jo at dette går seg til, og sorgen over all maten eg ikkje skulle lage blei raskt erstatta av erkjenninga om at jammen meg fekk ein bake, mykje meir enn før!

Eg anbefaler boka på det sterkaste. Ikkje nødvendigvis fordi oppskriftene er så mykje betre enn i andre bøker. Dei er veldig bra, så ingenting å pirke på der, men det er layout’en, stemningen og det ho SKRIV som gjer hennar bøker så spesielle. Dette er meir enn berre kokebøker; det er matfilosofi til ettertanke og inspirasjon. Intet mindre!

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Alt godt / Apr 23 2009 10:06

    Eg er også veldig glad i Tessa Kiros og bøkene hennar, dei er juvelar i kokeboksamlinga mi! Sjekk også ut Anna og Fanny Bergenströms bøker, samt min danske helt, Camilla Plum.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: