Skip to content
07/04/2009 / kjersti70

1,6

Så lågt kan blodsukkeret bli på Snuppa, utan at vi merker det noko særlig. Det skjedde i går, før middag. Ho sa ho var litt sliten og ganske sulten. Då veit vi at vi skal måle!  Eg blir litt paff når eg ser sånne låge resultat i display’et; ho fungerer veldig likevel. Eg spurte om ho kjende seg rar, men neida, ho merka ingenting; var berre ganske sulten!

Det er litt dumt at ho reagerer såpass lite på låge mål; vi har dermed ganske liten «buffer» til ho besvimer. Eg ga henne tre teskeier honning, og gjorde middagen ferdig. Sidan mor hadde eksperimentert med creme fraiche og spinat på pastaen, ville ho kun ha pølser, tomat og agurk til middag. Det blei dermed litt lite karbohydrat og ho fekk dermed ikkje insulin for middagen. Ho steig berre til 5 av dette.

Eit par skeier froskostblanding med melk til kveldsmat. Heller ingen insulin for dette, og var i 15 etter at ho hadde sove nokre timar. Då ga eg litt insulin for å senke henne ned på eit bra nivå. Og natta gjekk fint.

Eg håpar på at ho vil merke tegn på føling etter som ho blir eldre!

I morgon reiser vi på påskeferie til mine foreldre, og derfor prøver vi å tømme kjøleskapet. I dag blir det ein slags indisk kylling. Kyllingbitar marinert i tandooi frå Santa Maria, steikt på spidd i ovn, og tilbehør frå Findus: Potet, blomkål og kikerter i curry. Denne blandinga frå Findus kan eg anbefale! Smaken er nok litt voksen, men ungane kan jo få eit alternativ med potet eller ris. Eg trur eg at eg skal steikte nokre kokte poteter frå i går saman med blomkålbukettar og babygulerøtter. Sjekk elles denne pop-up’en frå Findus: eg har verkeleg likt den nye Grønn Deli – serien dei har komme med nå. Frosne grønsaker i pose skal ein ikkje forakte!

showimageasp

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: