Skip to content
05/04/2009 / kjersti70

Barn og fisk

Jadda… fisk er ikkje det mest populære her i huset. Oss to voksne likar det godt, men dei to små vil ikkje ha. Snuppa går med på å smake, men det blir alltid «æsj» ut av det, og ikkje meir enn med smaking.

Det er bra at dei et fiskekaker da, og nå som Findus har komme med ein glutenfri variant av fiskepinnar, så har vi det av og til også. Dvs, oss to voksne et kanskje heller torsk eller laks/aure, medan dei små får fiskekaker frå steikepanna. Ingenting galt med fiskekaker, men det hadde vore fint om dei kunne like vanlig fisk også! Ja, vi har prøvd lakseburger, oppskrifta er under. Den er god også, men ungane vil ikkje ha det.  (forresten, oppskrifta under: den dressingen til lakseburgeren er SÅ god!! Beklager at det ikkje går an å merke og kopiere teksten; de får finne fram pen og papir og notere frå skjerm) (og åff kårs: «strøkavring» her er glutenfritt strø)

syrin_lakseburger-web

Eg kom over «Fiskesprell» i dag. Litt usikker på kven som står bak sida, ser ut til å vere Eksportutvalget for fisk i samarbeid med Helsedirektoratet og diverse andre aktørar. Uansett; her var det i alle fall nokre tips å hente og litt oppskrifter, m.a ein nedlastbar  40 sider lang brosjyre (pdf) tiltenkt barnehagar.

Er det nokon som har fleire tips om korleis dei får fisk i sine barn? Gi meg gjerne oppskrifter! Eg har ein kollega som stadig vekk kjem til meg og fortel om sine barn som eeeelskar laks. Gni det inn, seier nå eg 😦  Er det fordi eg (fy skam) ikkje ga tran til mine barn når dei var baby?

Advertisements

3 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Birgit / Apr 6 2009 20:05

    Snuppa er veldig glad i fisk, alle slags varianter. Guttene ikke. Men en ting liker de godt alle tre og det er god gammedags seibiff. Altså, seifilet – skjæres i passe stykker og vendes i en blanding av mel, salt og pepper. Stekes sprø og gylne i panna. Som tilbehør får de rå gulrøtter skåret i staver (har prøvd revne gulrøtter men det ble for sært for denne kresne gjengen). Jeg og mannen spiser salat til. Noen ganger stekt løk. Og/eller skysaus.

  2. Birgit / Apr 6 2009 20:07

    Forresten har vi smasket i oss Litt av en kylling hot provence til middag i dag. Nam nam. Det gikk ned på høykant, takk for tipset.

  3. kjersti70 / Apr 6 2009 20:23

    Takk for tips Birgit; det må eg prøve!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: