Skip to content
01/04/2009 / kjersti70

Hallo der ute!

Lenge sidan sist; har vore ein del borte med jobben!

Det eg først og fremst kan rapportere er at vi for første gong har opplevd at pumpa ikkje har gitt tilførsel. Det starta på dagen i barnehagen ved at pumpa med ujevne mellomrom ga frå seg eit hyl, utan at det kom opp meldingar som dei i barnehagen fanga opp i alle fall. Ho fekk ein episode med blodsukker over 20, og dei blei naturlig nok bekymra for om det var noko gale med pumpa. Meir insulin blei gitt, og blodsukkeret gjekk greit ned igjen.  Det kom eit lite signal på ettermiddagen også, heime, men vi såg ingen feilmeldingar. Vi rekna med at ho kunne ha komme borti ein knapp; det hender når ho lener seg bak mot ein stol og pumpa på ryggen kjem i klem. Jenta la seg som normalt, og eg gjekk inn for å måle henne eit par timar seinare. Då var det voldsom hyling fra pumpa! Og endelig sto det melding i display’et: Tilførsel blokkert, sjekk blodsukker! Jenta sov, men hadde tissa på seg på grunn av høgt blodsukker. Målet var i 25. Så vi måtte dra av henne ein våt pyamas, vaske og satte nytt slangesett (medan ho fortsatt sov). Vi rakk ikkje bruke Emla-krem denne gongen, men det kom berre eit lite pip frå henne når nåla smalt inn, og ho sov vidare 😀

Så da veit vi det; ikkje stol på pumpa når ho hyler utan ein tilsynelatande grunn.

Eg kan forresten tipse om Emla-krem. Å bruke denne kremen for å bedøve huden før ein skiftar slange blei eg tipsa om av Jannhild. Ho har også ei jente med diabetes og cøliaki 🙂 Emla-krem får du kjøpt reseptfritt, og hos lege kan ein få resept på større pakningar (5 tubar). Ein kan også ta vare på kvitteringane, slik at ein kan få dette refundert, men så langt har eg ikkje gjort det. Litt lat! Men eg kan skrive under på at vi har hatt eit liv før og etter Emla (takk Jannhild).

emla

Før vi begynte med dette hadde vi nesten to år med gråt og gruing når slange skulle skiftast. Vi hadde klistermerker og premie, og ekstra premie dersom ein var rolig og sto stille og tålte smerten. Uff og huff! Det går som ein drøm med Emla-krem. Ingenting vondt, ingen gruing, no problemas. At dei ikkje tipsa oss om dette på sjukehuset? Det er INGEN poeng i at det skal vere vondt, dersom det er mulig å ordne det slik at det ikkje er vondt! I alle fall ikkje på små ungar som ikkje forstår kvifor ein skal ha dette slangestyret. Som voksen er det sikkert unødvendig; ein tåler eit stikk i ny og ne når grunnen er god. Men for barn? Eg er heller ikkje bekymra for at ho skal bli «avhengig» av kremen og aldri vil greie å slutte. Eg ser for meg at ho i tenåra kan bli lei av å klisse med krem og plaster samt å hugse at kremen må påførast ein time før sjølve skiftet. Dette trur eg går seg til!

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Alt godt / Apr 1 2009 21:58

    Denne har eg liggande i kjøkkenskuffa, fin å ha viss eg brenn meg…

  2. Jannhild / Apr 2 2009 21:40

    Hei og hå!
    Ja Emla krem er «en engel»!!! Skulle bare mangle at de ikke skal få dette, når de har diabetes og er liten! Jeg kjenner diabetesbarn som er over 10år, og enda nekter å bytte nål uten krem. Ja kan de ikke bare få lov til å få den bedøvelsen da??!! De har visst nok å stri med, diabetesbarna!!

    Men K da!!! Ko deg til Eirken og få deg en resept!!!!! Og de skulle skamme seg på sykehuset, som ikke opplyser at en faktisk får dette på resept!!! Og iallefall når det er styr å skifte!!! De får sikkert tilbakemeldinger av foreldre, som sliter med nåleskifte…

    Tilførselstopp på pumpen, det har vi ikke opplevd enda, men M sin pumpe gir også ofte fra seg et pip i ny og ne, uten at vi finner ut av det. Får ingen feilmeldinger… Det er rart hva de kan sove gjennom!!! Hadde aldri trodd i min villeste fantasi, at jeg skulle få mat i jenta mi på nattestid, hvis hun skulle få føling. Men det funker, hun spiser nemmelig i søvne!!! Fasinerende å se på hun da!!!

    Klem fra meg til deg og dine, og ønsker dere en fantastisk flott påske!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: