Skip to content
19/03/2009 / kjersti70

Frokostblanding

Her følgjer oppskrift på ei god frokostblanding, som eg trur mange kan like, uansett diagnose.

frokostblanding

Man tager:

1 pakke glutenfrie havregryn
1 liten pose mandelflak
1 neve solsikkekjernar
eit godt dryss med linfrø
tørka frukt i bitar, f.eks tørka aprikos, bananchips og rosiner
nokre spiseskeier sukkeroefiber
nokre spiseskeier bokhveteflak
nokre spiseskeier pofiber (fiber er bra!)
ein stor neve kokos (sånn fra pose du veit)

Bland alt og ha på boks. Om du vil kan du også ha i glutenfri corn flakes, puffa ris (det blir sagt at enkelte cøliakere ikkje tåler dette), sukker/fruktose, men ingenting av dette er bra for ein. Det einste det gjer er å gi blodsukkerstigning. Du kan sjølvsagt også ha i hakka nøtter, men i vår familie har ikkje dette fungert særlig, sjølv om dei i utgangspunktet likar nøtter. Dei vil berre ikkje ha det i frokostblanding. Når frokostblandinga blir servert har vi sjølvsagt melk på, og sukker/splenda på porsjonen. Eit slikt måltid krev ein god dæsj med insulin på grunn av havregrynet. Det fine er at blodsukkeret jevnar seg fint ut etterpå (jmf. eldre post om havregraut).

Eg har tidligare prøvd å riste frokostblanding i litt honning. Det er også godt, men det blir sjølvsagt søtare. Dersom du skal riste i honning kan du droppe den tørka frukten i opplistinga over. Spre kornblandinga i ei langpanne. Varm opp 1/2 dl. honning med 2 dl. vatn og litt olje om du vil. Hell dette i panna, og bland godt. Rist frokostblandinga i steikovn ved 200 grader i 10 minutt eller litt til. Avkjøl og ha på boks.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: