Skip to content
19/03/2009 / kjersti70

Diabeteskontroll

I dag var vi inne til årskontroll med Snuppa på sjukehuset. Vi fylte ut ut diverse spørreskjema sidan vi  nå blir med i Barnediabetesregisteret og forskningsprosjektet «Studier av diabetes hos barn og unge: Betydningen av arvemessige forhold for årsak, diagnose og behandling«. Kunne dei ikkje funne eit kortare navn da? 😀

Nåja, jenta måtte avgi ein del blod, bl. a til gentest. Eit djupt stikk i fingeren først, som ho ikkje reagerte på. Tvert i mot begynte ho å le, når sjukepleiar (eller kva ho nå var), klemte litt hardt og blodspruten sto ut over golvet! Dei fekk sine store raude dråpar på eit kvitt trekkpapir, og deretter fekk vi langtidsmålet på blodsukkeret: 7,4 og det er opp 0,2 frå forrige gong. Det er vi fornøgd med tross oppgang. Vi merker godt at ho har sjeldnare følingar nå, og dette gjenspeglar seg i «langtidssukkeret» som eg pleier kalle det. Kanskje vil vi nå kunne få sterkare symptom hos henne når ho går under 3. Til nå  har ho vist få tegn til føling sjølv om blodsukkeret er svært lågt. Ho har måte ned i 1,5 før vi merka noko rart ved henne, og det er litt dumt, for då er marginen ned til å besvime veldig kort! Med litt høgare blodsukkernivå generelt, vil kroppen bli meir følsom for dei låge verdiane og gi beskjed på eit tidligare tidspunkt. Det gjeld tydeligvis å finne nivået som er riktig for den enkelte. Det verkar for oss at 7,4 ser ut til å vere bra, i alle fall så lenge ho er så liten og ikkje har forstand til å følge med sjølv og tolke kroppen sin.

Så da får ein vel konkludere med at dette går vegen, sjølv om det er mykje jobb. Forresten fann vi ut i dag at oss to voksne i familien er uenige om kva vi syns er værst; diabetes eller cøliaki. Far meiner at diabetes er ein svært liten byrde for oss, det er nesten ingen jobb med det syns han. Mor derimot syns det er ein byrde av viss tyngde, kanskje helst fordi diabetes medfører ein del bekymringar som cøliaki ikkje gjer. Og her er det berre snakk om korleis vi oppfattar det, for vi er begge like mykje involvert i blodsukkermålingar, vurderingar, oppfølging med barnehage og lege. Vi var jo begge med på sjukehuset i dag; det er naturlig. Likevel så oppfattar vi diabetesbyrden litt ulikt. Cøliaki derimot, som EG syns er temmelig enkelt å forholde seg til, syns han er meir kompliserande. Det at ein ikkje kan ete kva som helst kake i eit selskap f.eks.

Koffer er det sånn? Jo, han lever i nuet. Han er fornøgd når jenta er velregulert der og da, og smiler og ler. Han er derimot misfornøgd når han ikkje kan finne glutenfri følingsmat til henne på kiosken. Ho (meg)  lever litt mindre i nuet og planlegg framover. Det er så mange farer som lurer, korleis blir det å begynne på skulen, SFO, og så er det tenåra da…  Cøliaki? Nei, det går så greit; det er jo berre å bake, så er ein frisk! La meg legge til at det er EG som er bakaren i huset, så at HAN syns det er jobb med cøliaki kan eg nesten ikkje forstå 😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: