Skip to content
18/03/2009 / kjersti70

Svenske debattar

Eg har fanga opp litt stoff frå Sverige det siste døgnet.

Det første dreier seg om dette: laks.

1201270442231_955

I går gjekk den svenske dokumentaren «Rosa gull» eller «Det rosa guldet» på NRK Brennpunkt. Gjekk du glipp av den? Du kan sjå det her, og eg anbefaler det verkeleg (det begynner med vermelding og diverse, men ha tolmod, det kjem). Dokumentaren handlar om norsk oppdrettslaks, og kva følger denne produksjonen har for livet i havet. Ein trur gjerne at oppdrettsfisk er bra, med tanke på at vill fisk i havet treng å få fred frå fiske, slik at fiskestammane kan bygge seg opp igjen etter mange år med rovfiske. På det viset er jo oppdrettsfisk bra? Nå viser det seg at for å fø opp denne oppdrettslaksen og produsere eit kilo av den, må ein ha over to kilo villfisk. Og fisket etter villfisk for å produsere for til oppdrettsnæringa har ført til at fleire fiskeartar er nær utrydda. Islendingane produserer mykje av fiskeforet nordmenn bruker. Og utanfor Island er havet snart tomt for dei artane dei har laga fiskemel av. Ein er stadig på jakt etter nye fiskeartar å utnytte, etter som ein knekk ryggraden på fiskeart etter fiskeart. Det nye nå er at dei har begynt å fiske makrell for å male det ned til fiskefor. Er dette den neste fiskearten som skal utryddast nå da? Her er litt info frå Havforskningsinstituttet, som dei har lagt ut i samband med dokumentaren på NRK.

Eg blei veldig overraska over dokumentaren. Eg var ikkje klar over at ein ved å ete fisk rett og slett bidrar til at fiskeressursane i havet tømmes. Nå kan ein jo seie at vill laks vil også ete annan fisk. Men forskjellen er jo at den ville fisken inngår i eit økosystem som, i alle fall i teorien, skal greie å balansere seg sjølv. Når vi «hjelper» naturen med oppdrettsanlegg, og vel å forsyne denne fisken med mat frå eit økosystem som denne fisken ikkje er ein del av, da går det tydeligvis galt. Mot slutten av dokumentaren uttaler fiskerieksperten Daniel Pauly at laksenæringa ikkje produserer fisk, men brukar fisk for å tene penger.

But what to do?? Fisk er jo bra for ein! Eg skulle gjerne sett at vi hadde enda meir fisk på bordet heime. Dokumentaren kjem med ingen alternativ, men det finst jo fisk som ikkje kjem frå oppdrettsnæringa. Frå nå av blir det meir kvit fisk hos oss f,eks torsk og hyse (dog….. var det ikkje noko om at torsken også er trua nå da?) Vi har brukt ein del laks sjølv om islendingen i familien grin litt på nasen. Han syns den ofte smakar tran og er altfor feit i forhold til den friske, fine laksen ein får på Island (dei driv i liten grad med oppdrett). Så kan ein jo legge til at oppdrettslaks inneheld mindre Omega 3 enn villaks. Og vi har problemet med rømt oppdrettslaks som er i ferd med å øydelegge den norske villaksstammen. Eg skal berre komme med eit par stikkord til: lakselus, parasittar og sjukdom.

Nei, oppdrettsnæringa har mykje å rydde opp i. Her er forresten avskrift av ein chat (svensk) som var på nettet etter at dokuemtaren vart vist i Sverige.

Over til neste svenske input. Det viser seg at Statens beredning för medicinsk utvärdering har satt i gang eit prosjekt som skal sjå nærare på kostholdsråd ved diabetes. Spennande! Gjeldande kostholdsråd for diabetikerar i Sverige er som i Norge: redusere på fett, redusere på raske karbohydrat og få i seg «lange» karbohydrater (typisk grovt brød, natur-ris, pasta med fiber etc). Dei siste åra har det tydeligvis vore ein stor kostholdsdebatt i Sverige, som bl.a går på bruken av karbohydrat. Dette kjenner vi jo til frå vårt land også. I Sverige har ein tydeligvis gått så langt at ein har stilt spørsmål om det faglige grunnlaget for desse råda. Prosjektet skal studere dette nærmare, og særlig med fokus på diabetespasientar. Hurra hurra! Eg er glad at dei tør; og eg er så glad for at ein er villig til å opne opp for å studere dette skikkelig!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: