Skip to content
16/03/2009 / kjersti70

Blåbærmandag

blaabaer

Mmmmm…. dei var store, søte og sprakk med eit knekk i munnen. Desse deilige og helsebringande juvelene er frå Chile, kostar 40 kr. for ei lita plastøskje, men er verdt det. Nei, det smakar ikkje som norske, men eg syns dei er like gode. Dei er annleis, og gode. Alle bæra forsvann inn i to små grådige munnar medan eg laga middag. Ein liten aperitif som dei satte stor pris på. Kva er galt med dyre bær på ein mandag? Ingen verdens ting. Vi sparer på mykje, men ikkje på dette. Vi arvar kle, men vi gjer djupe innhogg i fruktdisken.

Blåbær er supermat (forøvrig eit begrep som har ein litt laus definisjon; ingen har vel satt grensene for kva «supermat» er – ver skeptisk!) Blåbær har både fiber og folat, vitamin C og E, polyfenoler, karotenoider og diverse andre herligheter. Det blir sagt (igjen… eg har ikkje sett det dokumentert) at blåbær har meir gode saker i seg enn alle andre frukter og grønsaker.

Og vi et andre bær også; kanskje særlig jordbær, men også rips, bringebær og bjørnebær. Stikkelsbær får ein mest ikkje tak i lenger, men vi veit om nokre buskar der mormor og morfar bur…

Og ja, syltetøy er lov, og særlig blåbærsyltetøy. Snuppa likar dette på brødskiva si med kvitost. Vi held oss til gode merker med 100 % bær og ikkje tilsatt sukker, og har ein forkjærlighet for Lerum, dels fordi produkta er gode, dels fordi dei markedsfører seg på nynorsk 😀 . Nå ser eg at dei har komme med nytt blåbærsyltetøy også; men masse bær og ikkje tilsatt sukker i. Rett skal vere rett; dei brukar splenda som sukkererstatning. Det kan eg akseptere: Splenda smakar heilt ok i forhold til mange andre ekle og meir kjemiske betenkelige sukkererstatningar. Splenda er faktisk basert på ekte sukker, men ein har greid å fjerne karbohydrata (ikkje spør, her kjem eg til kort). Vi har også brukt dette syltetøyet frå Nora. Enn så lenge har eg ikkje begynt syltetøykoking sjølv, men ser ikkje bort frå at eg ein dag startar produksjon. Eg skulle gjerne prøvd meg på rognebærgele! Nokon som har ei god oppskrift? 🙂

Min mann, som ikkje er van med å vokse opp i ein natur som tilbyr frukt og bær gratis, drar ungane med seg kvar haust på blåbærplukking. Dei kjem heim etter timar i skogen, fulle av bær i magen og rusk i spannet. Er eg heldig har far greid å redde nokre bær som vi som regel frys ned. Eg ventar på den perfekte oppskrifta på glutenfri blåbærpai.

Her er forresten ein liten tankevekkar om folk sitt forhold til det å plukke bær. Dette er jo synd!

Advertisements

3 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Birgit / Mar 17 2009 12:39

    Mmm, blåbær er godt. Skal jammen kjøpe i dag, har opptil flere små i huset med opprørske mager.
    Vi pleier å kjøpe dette syltetøyet fra St Dalfour:
    http://www.kinsarvik.no/VarevisningDetalj.aspx?varekode=JS060&hkat=2&kat=26&grp=2
    Det er kun søtet med konsentrert druejuice (må vel da regne med en del naturlig fruktsukker men det kunne jo vært verre).

  2. kjersti70 / Mar 17 2009 12:49

    Ah, ja, det syltetøyet har vi også brukt 🙂 Veldig fornøgd med det også!

  3. grapecityjuice / Mar 17 2009 21:37

    det syltetøyet er faktisk utruleg godt. og blåbær er bra! er så inspirerande med denne bloggen! eg har kutta ned på kornproduktar pluttseleg fått ein heilt anna mage! superbra. no sit eg og kosar meg med hytteost (cottage cheese), brie, tomat, paprika, tomatpesto og frisk timian. mhm!

    så, takk for god inspirasjon! ein treng gjerne eit lite dytt for å kome ut av eit kosthald sentrert rundt korn. smil!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: