Skip to content
14/03/2009 / kjersti70

Sunnare potetstappe?

Mine ungar er glade i potetstappe, det er vel dei fleste barn. Eg likar det godt sjølv også; og føretrekk heilt klart den heimelaga med ekte smør i.

Det påverkar blodsukkeret ganske vesentlig, meir enn om du serverer dei samme potetene kokt på vanlig måte. Dessutan; ein et MEIR poteter når det er som stappe. Eg må alltid koke meir poteter når det skal bli stappe enn når det berre skal serverast på vanlig måte. Av desse grunnane har vi vore litt forsiktige med potetstappe sidan jenta har diabetes.

I deblomkalstappe1t siste har eg begynt å endre stappa litt, og snike inn andre ingredienser. Eg prøvde nettopp med blomkål, og det var suksess! Minsten merka ingenting og gafla villig i seg «potetstappe». Snuppa meinte at potetstappa smaka litt uvanlig og var ikkje så god som vanlig. Vel, det var nok fordi potetstappa var laga på eit stort blomkålhovud og med kun 3 poteter… det blei med andre ord meir blomkålstappe enn noko anna.  Neste gong skal eg sørge for at det er meir potet enn blomkål i stappa, slik at dei ikkje merkar at mor har juksa. Eg vil tippe at eit halvt blomkålhovud til 6 poteter vil fungere, særlig om det også er ketchup til (ketchup er forresten tillatt i vårt hus). Forøvrig syns eg sjølv blomkålstappa var kjempegod!!

Eg har eg adoptert frå ei veninne konseptet med «Kaptein Sabeltann Potetstappe» (og navnet er påfunne av mi desperate veninne som ville ha mat i sine to små gutar). Den har vore ein hit i vårt hus, både på grunn av navnet, men også fordi den er grøn. Man lager potetstappe. Deretter puttar ein i nokre klumpar med frossen spinat; dei kjem i isbit-store klumpar i posar og du finn det i alle frysediskar. Stappa blir friskt grøn og meir næringsrik. Bakdelen er at spinaten ikkje erstattar potet da, så konsekvensane for blodsukkeret er like store som før. Dog..

Ei veninne av meg melder at ein også kan lage artig grøn stappe ved hjelp av brokkoli. Det må eg prøve ein gang! Igjen; greit å balansere det litt mot potet slik at brokkoli-smaken ikkje vert dominerande.

Gulrot skal også fungere; det skal eg prøve også! Kanskje kan ein få ei gulare stappe ved dette? Dersom ein er redd for at ungane skal bli mistenkelige til orange klumpar i stappa, så kan ein bruke stavmiksar til å frese alt smått. Litt forsiktig: for voldsom bruk kan gjere potetene til lim!

Og til sist; ein neve riven ost i stappa er godt! Og gir ekstra protein. Og det er godt med ett fedd pressa kvitløk!

For den late: JA, det er lov å bruke potetstappe frå pose som basis om ein vil. Eg syns ikkje det er like godt, men høyrer at enkelte føretrekk denne framfor heimelaga stappe – forstå det den som kan 😀

Oppskrift på heimelaga potetstappe? Eg brukar ikkje oppskrift, men det er sånn ca. som dette:

Potetstappe

10 poteter (du kan erstatte halvparten med blomkål, brokkoli, gulrøtter)
4-6 ss smør
3 dl. melk
1 klype salt
du kan ha i –  pressa kvitløk, spinat, riven ost, eit egg
Skrell poteter og kutt dei i to, rens eventuelle grønsaker. Kok det mørt – ca. 15-20 minutt. Hell av vatnet og stauk potetene / grønsakene. Du kan også bruke miksmaster/ stavmiksar, men forsiktig. Sett gryta tilbake på panna og ha i smør. Rør til smøret har smelta og ha i melk. Rør og la frese seg varmt. Ha i eventuelle andre smakstilsetningar.
Advertisements

3 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Alt godt / Mar 15 2009 14:53

    Du kan bytte ut smøret med olivenolje. Vil du lage mjølkefri stappe kan du koke potetene skrelte, gjerne med salt i vatnet, og spe stappa med kokevatnet i staden for mjølk. Brukar du andre grønsaker i kan du bruke det kokevatnet i staden. Litt reiven Manchegoost er kjempegodt i, den er lagd på sauemjølk, og dei fleste mjølkeallergikarar toler den godt.

  2. kjersti70 / Mar 15 2009 16:01

    Veldig fine tips! Vi er ikkje så redd for smør og melk i vår familie, men det er spennande med andre smaksvariantar! Dessutan så er jo olivenolje langt sunnare enn smør; masse nyttige fettstoffer som ein bør få i seg. Trur eg skal prøve meg på dette neste gong!

  3. Kirsti / Apr 22 2009 11:46

    kjempe flotte sider! du kan faktisk bruke både gulrøtter og brokoli i samme stappe, og finne på et stilig navn, så er jeg sikker på at ungene liker det! Ble en hit hos jenta vi har på avlastning! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: