Skip to content
14/03/2009 / kjersti70

Litt om å reise og litt om skyr

Vi har vore ute i verden! Kom for nokre få dagar sidan heim frå Island der vi har familie. God tur, og ingenting trøbbel med diabetes og cøliaki.

Vi har reist mykje med ungane, først og fremst til Island, og har støtt på svært få problem i forhold til dette. Når det gjeld cøliaki er dette, enn så lenge, svært sjeldan på Island (underdiagnostisert?) og det er nesten ikkje spesialprodukt å oppdrive. Helsekost kan ha litt, men ein kan ikkje forvente å finne særlig utval. Vi har tatt med oss knekkebrød, og kanskje ein pakke med melblanding til brød. Sidan vi bur hos familie er det å bake enkelt. Elles har menyen vore som i Norge; naturlig glutenfritt med frukt og grønt, kjøtt, ost og melkeprodukt. Og joda, vi snik inn litt fisk også. På Island har vi satsa mykje på Skyr (uttala «skir»), eit fantastisk melkeprodukt som eg skulle ønske dei hadde starta med i Norge! Dette er

plaineigentleg ein ost (og dermed rik på protein – 12 %), men smakar aller mest av yogurt. Den ser ut som yogurt også. Lett å like, og veldig sunn! Har nesten ikkje fett i seg heller (laga av skumma melk), lite karbohydrat (3%, betrakelig mindre enn yogurt) og på Island er den vanlig til frokost, eller som dessert (med sukker/bær). Mange bodybuilders likar dette her sidan det er lite fett og masse protein i skyr. Meir her der det går fram at skyr er det riktige valget om du vil smake noko islandsk, men syns tanken på sauetestiklar er litt fråstøytande….

Og mine ungar elskar det… minsten levde nesten utelukkande på blåbærskyr dei dagane vi var der.

Glutenfri mat på flyet? Nei, nå har ein stort sett slutta med servering, så problemet oppstår sjeldan. Ungane fekk av SAS eit påsmurt rundstykke på veg bort, men Snuppa kunne jo ikkje ete dette. Ingen problem i grunn; ho ville ikkje ha, og vi hadde med eit knekkebrød og ein banan i tilfelle ho skulle bli sulten eller få føling.

Når det gjeld diabetes og det å reise, har det vore lite problem. Sprøytene skal i handbagasjen, i tilfellel noko skjer med pumpa under turen. Vi har eit skriv frå legen om at vi har lov å ha med sprøyter. Enn så lenge har ingen reagert på sprøytene. Insulinpumpa slår ikkje ut i kontrollen heller. Flytur og opphald på flyplassar går alltid bra. Av ein eller annan grunn pleier ho vere veldig jevn og fin på slike turar. Ho et ganske lite; det blir kanskje eit eple, litt juice, og på denne turen åt ho sushi. Når det gjeld sjølve ferieopphaldet går det veldig greit. Vi har ei lita veske der vi har alt av uststyr til slangeskift for pumpa. Det må berre dobbeltsjekkast før ein reiser at ein har alt ein treng med seg. Viktig!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: