Skip to content
13/03/2009 / kjersti70

Sunne norske barn?

Her ein dag kom eg over denne artikkelen i Dagbladet frå i haust. Den omhandlar Fedon Lindberg som kom ut med ei ny bok om sunn mat for barn.

fedon-lindberg

Eg er ingen fanatisk Lindberg-fan, men finn mykje fornuft i det han skriv. Han seier ingenting spesielt revolusjonerande, men det han absolutt skal ha kreditt for er at han har sagt det høgt og tydelig, og turt å markere seg, og særlig gjeld dette å kritisere vårt påståtte sunne, norske kosthold. Nå er eg ein skeptiker av natur, og vil gjerne stille spørsmål ved dei fleste ting som blir forfekta når det gjeld kosthold og helse. Sånn sett er eg open for ein diskusjon om mykje protein er skadelig for barn, eller om det å knipe inn på karbohydrat kan ha negative konsekvensar. Denne skeptisismen blir likevel satt litt i bakgrunnen når eg les det som blir sagt frå to ernæringseksperatar i slutten av artikkelen. Dei kan kanskje vere feil sitert (ein må nesten håpe på det), og det kan vere tatt ut av samanheng. Likevel: det går fram at det er ikkje er større problem med norske barn sitt kosthold. Då lurer eg på om vi lever i samme verd. Har dei sett på kva folk puttar i handlevognene? Har dei tatt ein kikk i matpakkane? For ikkje å snakke om: har dei spurt kva tenåringane puttar i seg i løpet av ein dag? Kor mange pølser og grandiosa får norske barn i seg i gjennomsnitt i løpet av eit år? Kor mange brukar fiskepinnar som alibi for fisk? La meg raskt legge til at her er vi sjølv syndige; vi er på ingen måte ein mønsterfamilie, og pølser snik seg inn på vårt middagsbord altfor ofte. Med potetstappe og heile pakka. Problemet er at VI er ein familie som er litt over normalen opptatt av sundt kosthold. Korleis er det da i andre familar der dei ikkje har allergiar eller sjukdommar som gjer at dei må tenke to gonger over kva dei puttar i munnen? Kor mange pannekaker blir fortært? Tomatsuppe frå pose med fine baguetter til? Pasta med ketchup? Take away burger og pommes frites frå Mac Donalds? Kneip med syltetøy eller sjokoladepålegg?

Neida, vi er eit stykke frå kollapsen som vi ser i England, men eg vil påstå at vi er på veg dit. Eg må også flire litt over kommentaren i artikkelen, om at «Matglede er viktig også for barn, da må ikke kostholdet bli for komplisert». Kva meines med dette da??  Er det komplisert å ete tomater? Er grønsaker ødeleggande for matlysten? Jenta mi blir lykkelig av å momse jordbær og har stor matglede, tross dei begrensningar som diabetes og cøliaki legg på henne. Eg blir litt matt av slikt eg…

Eg har tidlegare sett fleire i diabetesforbundet stått på barrikadane for det norske, sunne brødet, og advart mot dei rare diettane som enkelte eksperimenterer med. Som sagt over, eg er skeptiker av natur og syns at det meste bør kunne diskuterast kritisk. Eg skulle derfor gjerne ha sett ein saklig debatt om Fedon sitt opplegg, eller Atkins-kuren, eller kva dei nå heiter alle saman, men det å hevde at brød er vegen å gå når ein har diabetes er i beste fall feilinformasjon. Det vil i alle fall eg påstå! Det er som å seie til ein epileptikar at han skal berre ta halvparten av medisinen sin. For JA, det hjelper å ete grovt brød ( i staden for loff), men ein kjem VELDIG mykje lenger dersom ein i tillegg redusere på karbohydrat. Og her dreier seg om meir enn berre poteter (og vanlig norsk, kokt potet er forøvrig heller ikkje den store syndaren her, spør meg om pommes frites, og du kan få ei avhandling av meg om korleis dette påverkar blodsukkeret). Det dreier seg om å gjere motsatt av det vi blei lært opp til som barn; masse pålegg og grønt, og tynne brødskiver. Erstatte litt av brødet med sunne, gode saker.

I bunn og grunn dreier det seg om å VITE, slik at ein kan ta eit kvalisfisert valg om kva mat ein vil ete. Ein diabetiker som foretrekker norsk tradisjonskost med mykje poteter og brød må gjerne for min del, basere kostholdet sitt på dette. For all del! Det eg syns er viktig er at ein er klar over at dette vil kreve litt meir jobb når det gjeld måling av blodsukker og å ta insulin. Ein treng meir, og blodsukkeret er meir ustabilt.

For ein diabetiker med cøliaki vil eg nesten påstå at ein kjem nesten ikkje utenom ei større kostholdsendring. Det er fordi dei typiske produkta for cøliakere er ikkje spesielt bra for blodsukkeret (dette burde jo også vere ein tankevekkar for einkvar cøliaker).

Nok om det. Min frustrasjon over avisartikkelen førte jo til at eg kjøpte Lindberg si bok. Eg har raskt vore gjennom heile boka, og syns den er jevnt over veldig bra. Her er det mange praktiske tips og råd, betraktningar, og oppskrifter som er tilpassa barn. Kan anbefale denne!

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. grapecityjuice / Mar 17 2009 21:59

    eg blir så skremt når eg tenkjer på kva folk, og spesielt barn og unge, et. frukostblandingar som er omlag halvparten sukker, sjokolademelk, kneip med sylteøy, sjokoladepålegg eller brunost til tre måltid om dagen (frukost, lønsj, kvelds). om då middagen blir som du seier pasta med ketchup eller liknande, er det utruleg lite næring dei får i seg.

    sjølv har eg laga mat meir eller mindre frå eg kunne stå på beina. først saman med foreldre, og seinare åleine. som det gjerne er i alle familiar var det òg hos oss eit innslag av pose og hermetikkmat, spesielt på travle dagar, men det var mest middag med råvarar som regjerte.

    eg fikk alltid lage det eg ville. om eg spurte mor om eg kunne lage lasange til middag fekk eg aldri nei. mamma og pappa smilte og takka for alt, uansett om det kanskje ikkje var heilt vellukka. dessutan hadde vi alltid mykje grønsakar, krydder og andre råvarar.

    når ein kan lage mat har ein eit relativt godt utgangspunkt for å kunne ta ansvar for eige kosthald. ein veit meir om kva ein et om ein faktisk lagar det frå grunnen enn om det kjem får ei pose eller boks. ikkje det at det aldri er greit, men det er skummelt med kor mange eg kjenner som er oppvaksne berre på halv- og heilfabrikat, og som flyttar ut og ikkje kan lage mat i det heile.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: