Skip to content
03/03/2009 / kjersti70

Kva skal vi ha til middag?

meny

(fine magnetar frå Foundandmade på Etsy)

Før ungane kom var kvardagane nokså enkle. Ein handla middag etter jobb, og tok seg eit knekkebrød dersom det blei for lenge til maten var ferdig. Cøliaki og diabetes var heller ikkje ei problemstilling, slikt var det berre andre du hadde høyrt om som hadde. Og så kom ungane. Og dei hylte etter middag; hang i skjørtet og forlanga søtsaker og epler og knekkebrød før middagen var på bordet. Og middagen? Den måtte jo vere sunn, variert og balansert. For to fulltidsarbeidande foreldre, utan familie rundt seg som kunne avlasta, måtte vi finne på ei løysing.

Ein ting var å jobbe redusert. Det hjalp; eg (kokken) gjekk ned i 80% stilling, noko som gjorde ein enorm forskjell. Det hjelper å kunne handle i fred utan to slitne smårollingar i handlevogna. Det mest geniale trekket vårt var likevel å handle STORT og PLANLAGT. Og det tipset tenkte eg at eg kunne dele.

Eg og min mann (som er over normalen interessert i god mat og gode råvarer, men ikkje kokkelerer sjøl) satte oss ned ein sein haustkveld og klipte opp ungane sine teikneark i små lappar. På lappane skreiv vi opp alt vi kunne komme på av matretter, med vekt på det vi kan lage på ein kvardag. Etter det bladde vi i kokebøker og fann nye rettar som verka gode og som var mulige å lage på ein kvardag.

Trinn to: vi sorterte lappane; kylling, fisk, kjøttfarsemat (pølser, kjøttdeig), svin, storfe/lam og vegetar.

Trinn tre: vi satte oss på golvet og fordelte lappane i rader og kolonner. Ei rad for kvar kommande veke, ei kolonne for vekedag. Rettar som tok lang tid å lage la vi i helgene. Vi såg til at det blei fisk minst to gonger i veka, og at andre matvarer var greit fordelt. Ein del matrettar som vi likte spesielt godt lagde vi fleire identiske lappar for, slik at dei blei meir gjengangerar enn andre.Vi hadde også eit lite auge på ingrediensar: dersom ein treng basilikum til ein rett på mandagen, kan det vere greit å bruke resten til ein rett på torsdagen. Vi satt igjen med ein plan for middagar framover i 8 veker.

Dette la vi inn på datamaskinen, og etter kvart opparbeidde vi oss koordinerte handlelister som ein kunne skrive ut fredags kveld, klar til storhandel på laurdagen. Og JA, ein kan faktisk handle det meste av det ein treng for ei heil veke. Du må berre sjekke utløpsdatoen. Melk f.eks, vil holde seg til langt ut i veka. Vi kjøper gjerne inn 10 liter i slengen. Vi sørga for eit standard påfyll av pålegg, frukt og diverse basisvarer, og deretter vart handlelista fulgt til punkt og prikke. Det hjalp å ha menyen på handlelista, slik at ein visste kva ein handla til. I tillegg var det viktig å rive ut denne vesle menyen og klistre opp på kjøleskapet, slik at ein ikkje gløymde ut kva som var planen.

Neida, heilt slavisk har vi ikkje vore. Vi bytter gjerne om på dagane, særlig når eit eller anna oppstår som gjer at ein må ha ein raskare matrett den dagen. Eller ting skjer; vi reiser bort i helga, vi får plutselig ein invitasjon til middag etc. etc. Likvel: vi har hatt god hjelp av dette systemet, og det har spart oss enormt med tid i butikken, og ein god del pengar også. Enkelte matvarer fyller vi på med i løpet av veka, f.eks brød, og fisk kjøper vi alltid same dag som vi skal ha det. Å hoppe inn i butikken for å kjøpe laks og eit brød er MYKJE raskare enn å surre planlaust rundt i butikken på jakt etter middag den dagen, samt å prøve å hugse kva elles ein burde ha kjøpt.

Blei dette for voldsomt? Ein kjem langt med å i alle fall bruke 10 minutt fredags kveld å lage ein rask meny og handleliste for kommande veke!

handlelappArk frå mitt eige Thea

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. isacathrine / Mar 4 2009 17:13

    Genialt ja.
    Jeg handlet for en uke om gangen jeg og en stund, og det sparer man en del penger på. Dog klarte jeg aldri å holde meg til menyen min, så nå har jeg masse i frysern jeg aldri har fått brukt *fnis*

    Bare det å planlegge litt, og ikke være sulten når man går på butikken hjelper mye.

    Her kjøper jeg forresten brød for en uke og, bare ved å legge det i fryseren:)

  2. Brumm / Mar 5 2009 23:13

    Å gud , tenk om jeg kunne vært så strukturert.
    Dette er jo genialt, og ja man kan jo bare begynne med en uke……..

    PS! måtte selfølgelig kjøpe sånne magneter jeg også—– 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: