Skip to content
28/02/2009 / kjersti70

Havregraut!

Ungane mine har alltid likt havregraut. Eg er klar over at ikkje alle er like begeistra, men gi den grå, klissete massen ein sjangse! Dersom du berre har smakt vassgraut, altså havregraut kokt på berre vatn, så bør du i alle fall prøve på nytt, med melk i. Visste du at havregryn visstnok skal vere den kornsorten som «held» lengst i magen og fordeler blodsukkeret jevnt over fleire timar?

Til to stykk barn som ikkje likar altfor varm graut:

2 dl. glutenfrie havregryn
2 dl vatn
2 dl. melk
ei klype salt
Kok opp vatn og havregryn, og litt av melka. La det koke i nokre få minutt. Trekk av plata og rør i resten melka (dette kjølnar grauten litt ned).

Mine ungar likar best å få grauten i eit krus, og med kald melk over. Minsten vil ha eit dryss med sukker og kanel, Snuppa et den gjerne utan. Av og til har vi grauten på flat skål med sukker, kanel og smør. Og ja, vi brukar vanlig sukker, ikkje sukkererstatning. Havregrauten gir ein ganske kraftig blodsukkerstigning umiddelbart etterpå, så Snuppa treng ei god dæsj insulin, men etter det jevnar blodsukkeret seg fint ut og held seg bra.

Eg har også kokt grauten med litt linfrø og solsikkefrø også. Oss voksne gjer det gjerne, ungane klagar på solsikkefrøa (sjølv om dei ikkje smakar noko), så enn så lenge droppar vi det til dei. Eg har fått råd om at når grauten er kokt kan ein ha i eitpar skeier kesam eller cottage cheese, og kanskje litt malte mandler også. Dette aukar proteininnholdet. Må testast ut!

Under: fornøgd Snuppe for ca. to år sidan. Oi, som dei veks!

havregraut

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. grapecityjuice / Mar 4 2009 07:34

    havregraut er så bra! eg plar, til meg sjølv riktignok, ofte å koke med sviske, rosin eller anna tørka frukt, istaden for å nytte sukker etterpå. det er kjempegodt! nyttar ein dessutan til dømes mandlar og litt hakka nøtter på, får ein eit kjempegod frukost som sit godt i magen.

    og forrsten, så fin blogg du har!

  2. Birgit / Mar 4 2009 19:29

    Havregrøt er finfine saker! Snuppa liker det også, helst med bananskiver eller rosiner i.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: