Skip to content
24/02/2009 / kjersti70

Styling av insulinpumpe

Snuppa har insulinpumpe, og vi er takknemmlige kvar dag for den! Den gjer at ho kan leve eit normalt liv, som alle andre barn på hennar alder. Ein av dei viktigaste fordelene for henne var at vi slepp å vere så veldig opptatt av desse faste måltidsrutinane. Med langtidsinsulin innabords (som ein gir med penn), så MÅTTE ein sørge for matinntak midt på dagen, nokolunde til same tid kvar dag. For ein voksen fungerer dette greit, men ikkje for ein 3-åring; appetitten varierer. Det same gjeld aktivitetsnivået!

08-diabetes

Pumpa fekk ho for drøye to år sidan, og den har fungert tilnærma knirkefritt. Det var særlig bra for vår vesle familie, for vi hadde jo ein liten bror i familien også. Ergo: vi var ein klassisk småbarnsfamilie som rett nok prøver å holde på faste rutinar, men som stadig glipp fordi barn er uforutsigbare. Barn blir f.eks ofte sjuke og kan kaste opp. Det er dumt når ein har langtidsvirkane insulin i kroppen…  I tillegg har det vore ein stor befrielse at Snuppa i barneselskap gjerne kan ta eit kakestykke til (glutenfritt så klart), utan at ein må trekke fram sprøyter av den grunn. Med pumpa var det berre to tastetrykk, og alt var i orden. For ikkje å snakke om på biltur, når ungen plutselig er sulten og får mat! Pumpa gjer at livet hennar blir som om ho ikkje hadde diabetes, i alle fall når det gjeld måltidsrutinar og regelverk på dette. Ho kan ete når ho er sulten, og vi kan på innfall kjøpe is til henne i butikken berre fordi det er så varmt i dag.

Sjølv om vi er glad i pumpa, så er den ikkje så veldig fresh kan ein seie. Den er nøytralt blå, og ikkje ein dippedutt som ho er så veldig opptatt av, eller syns er så spesiell. Derfor har eg søkt litt rundt på nettet for å finne måtar å gjere den finare på. Og jammen meg fant eg ting hos Medtronic; dei som lagar pumpa! Det dumme er at dei ikkje sender til Norge. Ja, eg har spurt; eg sende epost, og fekk hyggelig svar tilbake at det var «US only». Så teit!!! Nå har eg kjente som bur i USA, så vi skal nok få tak i «skins» til pumpa unasett. Dei kan kjøpe til meg, og sende pakken vidare til Norge. Veldig greit! 🙂

Her er nokre som kunne vore aktuelle for oss: der er mange andre også 🙂

skins-for-pumpe1

Her er også ei kanadisk side, Diabetes Express, som sel skins. Ser ikkje ut til at dei sender til utlandet, men i det minste kan ein sjå dei ulike typane som finst.

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Jannhild / Feb 26 2009 00:04

    Hei Kjersti!
    Skins fekk alle som var på diabetestreffet på Voss, eller dei av ungne som var på litt pumpeopplæring. Men Maren var ikke sammen med dei som hadde det, og dermed fekk ho ikkje….Og eg fekk det med meg for seint…. Skal nå være råd å få tak i dei her i landet og ser du 🙂

    Skal sjekke litt, og gi deg en tilbakemelding!

    Klem og snakkes!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: