Skip to content
23/02/2009 / kjersti70

Dagen då kontrollen glapp

Vel, fastelavensbollene i går fall absolutt i smak! Vi var på besøk hos familie, og vi hadde med to glutenfrie boller til henne. Først åt ho ein halv bolle med krem og syltetøy og fekk insulin for dette. No problem. Seinare åt vi middag, og enda seinare, like før vi drog heim, åt ho opp resten av bollene, dvs. 1 1/2 bolle med krem. Medan ho momsa i seg bollene var oss voksne opptatt av å rydde opp leiker og sanke inn alle våre eiendeler for å få alt inn i bilen. Vi ga ein dæsj insulin før vi gjekk, enige om at ho sikkert trong meir om ei lita stund.

Lite kontroll med andre ord, for kva var nå egentlig blodsukkeret før ho inntok desse bollene da?

Nåja, kjøreturen heim varer ein drøy time, så ingen krise. Det var seint og ho sovna i bilen. Usj, vi burde vel ha målt, men æsj, blodsukkerapparatet er i sekken bak i bilen… Skal vi stoppe? Nei, det pøsar ned og vi har ein hissig bil bak, og det er mørkt. Vi er jo snart heime, vi måler heller då. Det går bra.  Når vi kom heim målte vi stakkaren: 32! Mor og far fekk litt hakeslepp og ga ein god dose insulin med ein gang. Målte på nytt litt seinare for å bekrefte at blodsukkeret gjekk nedover og at det ikkje var pumpa det var noko gale med. Ny måling før vi la oss; fortsatt høg: 17. Ga meir insulin, og eg satte på alarm om natta for å måle. I 3-tida sto eg opp og målte: 19! Då begynte eg verkeleg å lure på om alt var som det skulle vere. Ga ny dose med insulin og satt på nettet og surfa medan eg venta på at insulinet skulle få effekt. Eg målte etter ein time, og joda, nå begynte det å normalisere seg. I halv fem tida kom eg meg i seng. Jenta våkna i 7,5, så det endte nå bra til slutt. Er likevel forundra over kor mange «shots» ho trengte for å normalisere seg. I grunn understrekar det litt det vi har opplevd tidlegare: riktig dose satt til riktig tid betyr mykje. Dersom ein kjem skeivt ut skal det mykje insulin til for å få blodsukkeret nedover igjen. Det er på ein måte eit reknestykke som ikkje går heilt opp.

Vel vel, slikt skjer, og denne gongen var det fordi mor og far ikkje var påpasselig nok. Heldigvis skjer det nokså sjeldan, og det er ei grei påminning om at ein heile tida må ha kontrollen. For det er sånn det skal vere; det er vi som skal ha kontroll over diabetesen, ikkje omvendt. Vi noterer oss bak øyret:… ja, vi skal alltid måle før ungen kastar i seg boller, og ja.. det går an å stoppe på ei busslomme i stummande mørke i pøsregn for måle blodsukker… Det gjer vi neste gang!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: