Skip to content
15/02/2009 / kjersti70

Mat i ein fei og litt awards og tags og sånt

Eg lagar ofte lappar til ungane – og oss sjølv. Oppskrifta er ein variant av nokre frokostlappar eg fann inne på http://www.lavkarbo.no, mulig Iset står bak opprinnelig? Eg har i alle fall laga min eigen versjon. Dei er veldig raske å frese saman, og er ferdige på nokre få minutt. Smakar ekstra godt med skinke (spekeskinke, kalkunskinke, etc), med kvitost, eller med smøreost. Ofte noko eg lagar som frokost, til lunsj eller kveldsmat og heile familien likar dei! Gir lite blodsukkerstiging, er proteinrik, inneheld den gode havren, og er glutenfrie 😀

2 egg
4 ss cottage cheese
2 ss rømme
2 ss olje
ein neve glutenfri havregryn
ei klype bakepulver
litt salt

Smelt smør i ei steikepanne og la den stå på medium til sterk varme. Bland alle ingrediensane i ein høg beholdar du kan helle av. Bruk stavmiksar, slik at havregryna blir knuste. Når plata er varm heller du røre i panna; stort sett er det plass til 3-4 lappar, ca. 6-10 cm. i diameter. Når røra har stivna på toppen snur du lappane. Det går ofte ganske fort !

frokostlappar

Voila! Ferdige gylne, varme lappar. Ungane elskar dei, og dette er absolutt sunnare enn pannekaker til kveldsmat!

Og så har eg fått ein award gitt! Tusen takk Isa! 😀 Eg er ein veldig fersk bloggar, så eg veit knapt nok kva det går i, men forstår det sånn at eg nå kan få ein sånn flott grafisk greie ute på sidestolpen.. me fix! Eg skal også, etter kva eg forstår, gi award’en vidare til to personar. Det blir til Vibeke som nettopp har kjøpt seg hus og som tar så fine bilder! Og Brumm (aka Heidi) som har ein blog med den eine fantastiske LO’en etter den andre.

Her er award’en:


Og så har Isa tagga meg også med denne utfordringa:

1. You have to link the blog that have tagged you
2. Make a list over six (un)interesting things about yourself.
3. Tag five other blogs, and let them know by give a comment on their blogs.

Eg taggar Snøstorm, Karen , Arya, Brumm, og Diana

Mi liste:

  1. Eg har litt fot-fobi. Eg syns nakne føtter er ekkelt, og ber alle mine familiemedlemmer om å ta sokkar på seg.
  2. Eg er rotete anlagt
  3. Eg sovnar aldri utan at eg har valgt det bevisst (sovnar altså ikkje framfor tv’en)
  4. Eg er mest effektiv når eg har mange ballar i lufta (men ikkje for mange…)
  5. Eg har ein blog til som dreier seg om husbygging: http://kjersti70.wordpress.com/
  6. Eg kan ikkje tegne. Kunne det som barn, men ikkje nå lenger
Advertisements

3 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Arya / Feb 16 2009 22:57

    Hehe – ja, vel – her skulle jeg lære litt om glutenfri mat, så ender jeg opp med kveldsarbeid… 🙂 Men takk for taggingen likevel, Kjersti!!! *klem*

    Igjen – en fantastisk blog du har!!! Jeg fikk akkurat vite i helgen om en venninne med diabetesbarn, og har tenkt å tipse henne om denne her! keep up the good work!

  2. Birgit / Feb 20 2009 11:59

    Prøvde disse til frokost i dag. Med glutenfri havregryn til og med. Mellomstemann likte ikke (han liker ingenting så det var ingen bombe) og minstefrøkna ville heller ikke ha. Tenkte ikke på at smeltet ost er en av de få tingene hun ikke liker. Dropper jeg cottage cheese vil hun helt sikkert ha. Enden på visa ble at jeg og eldstemann gaflet i oss alle alene. Nam nam!

  3. kjersti70 / Feb 20 2009 12:42

    hey, kult! 😀
    Var bra at to i familien ville ha da 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: