Skip to content
12/02/2009 / kjersti70

I bakehimmelen

Først dette, og NEI, det er ingen graviditetstest:

celiac

Eg kjøpte for litt sidan ein cøliakitest hos Allergimat og den kom i går. I kveld punkterte eg veslefingeren min og miksa saman på badet etter oppskrifta. Ein strek var negativt resultat, to strekar skulle tyde på positivt resultat (dette har eg høyrt før i andre samanhengar, men det er fordi eg er blitt så gammal; nå går det visst helst i kryss har eg forstått). Så min test var negativ! Det var i grunn forventa, men eg syns det var greit å gjere likevel sidan cøliaki er arvelig. Nå seier dei som kan dette at det er fullt mulig at ein LIKEVEL har cøliaki, men at det berre kan påvisast ved biopsi. Det får så vere, eg slår meg til ro med dette resultatet enn så lenge.

Elles har eg tatt blodsukkermål av minsteguten i dag! 😀 Han protesterte høglydt og forferda, medan Snuppa i nabosofaen lo og sa at «jammen mamma, eg er HER!! Du tar feil!!» 😀 Han har vore så veldig tørst i dag, og heilt utslått. Han er på 5 døgnet med forkjølelse og er så veldig sliten. Då kom mor med blodsukkerapparatet! Heldigvis fekk han eit mål på 5,7, så diabetes er det ikkje. Han er berre sliten.

Aprops testbildet over kunne eg ha laga ein dum vits om boller her, men eg gjer ikkje meir enn å antyde. For i kveld har eg bakt ørten boller! I den villfarelsen at det er fastelaven på søndag, og Snuppa må ha med boller i barnehagen i morgon. Midt under utbaking av siste deig ringer mitt opphav og seier at det er neste helg…  Vel, greit å ha det gjort i alle fall, og ein har jo frysar!

Kveldens baking blei særs vellykka! Klokka er snart midnatt, og det luktar nybakt over heile leiligheten…. herlig!

Eg bakte først vanlige boller, og brukte ei oppskrift av Vibeke B frå Norsk Cøliakiforening sitt forum:

vidunderlige-boller2Deigen var flott å jobbe med; og resultatet var fantastisk! Beste glutenfrie bollene eg har laga i alle fall!

(Karotekort over er av den svært så talentfulle Catrine som eig og driv CatScrap.)

boller11

Gjett kva Snuppa fekk til kveldsmat…

boller2

Etter at ungane var i seng var eg motivert for å bake meir, så det blei vaniljeboller; veldig søte og små! Og veit du: glutenfri deig er MYKJE lettare å kjevle ut enn vanlig deig! Det er ein drøm å jobbe med. Vanleg glutenholdig deig er så seig og trekk seg saman, og ein står der og kjevlar og styrer for å få leiven stor nok. Med glutenfritt mjøl er det no problemas!

vaniljeboller

Deiiiilig deig! Koppen frå Greengate blei brukt til å stikke ut rundingar med.

vaniljeboller1

Dei ferdige bollene er så små og fine; pensla med smør og rulla i melis. Eg kan love deg at bakar du desse til vennegjengen, vil dei ikkje tru at det er glutenfritt. For alle trur jo at glutenfritt smakar littegranne py.

vaniljeboller2

vaniljeboller3

Eit lite tips til slutt:  FRYS NED!!! Glutenfrie bakverk er absolutt best fersk. Det blir ikkje det samme dagen etter (f.eks bollene med vaniljekrem i? Tørre og triste dagen derpå. Frys ned! Lunk det forsiktig i mikro eller steikovn, og det smakar like vidunderlig som dagen det blei bakt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: