Skip to content
10/02/2009 / kjersti70

Influensa….

Yepp.. sukkerunge-heimen er ramma av influensa. Så langt er det Poden som har fått det, og mor er heime frå jobb. Vi er ikkje i stand til å gå i butikken, og sidan far jobbar masse overtid for tida, er det lite matinnkjøp.

Da er det bra å ha eit rikhold matvarelager! Her er folk så ulike. Eg kjenner familiar som handlar kva dag, fordi dei kan ikkje utstå tanken på å ha mat liggande i skapet utan ein konkret plan for det. Dei fnys av den eldre generasjonen sine rikholdige fryserar. Sjølv tenker eg heilt motsatt (sant Vibeke? 😀 ) og likar å ha både brød, grønsaker og kjøtt i frysen, eit rikholdig utvalg av hermetikk, og godt med grønt i kjøleskapet. Det gjer ein travel kvardag langt meir fleksibel, og det gjer at ein kan ete sunnare. Er der ikkje mat i huset er det lettare for at ein kjøper seg usunn mat med raske karbohydrat.

Vi gjer eit storinnkjøp kvar laurdag, og varer heile veka. Vi kjøper gjerne 10 liter melk! Du vil takke deg sjølv på torsdagen når du baksar deg gjennom snøen på veg frå bilen og inn. Ingen tunge posar med melk! Berre dei vanlige barnehagesekkane, veska di frå jobb, pakken du henta på posten, og to sultne, gretne ungar 😀

Så altså: ei lita oppfordring om å planlegge innkjøpa dine. Det er SMART å skrive handleliste og tenke gjennom kva du skal ha til middag i kommande veke. Noter det på ein lapp og heng på kjøleskapet! Du sparer pengar på det også, du får ein meir effektiv handletur, og du slepp å gruble på kva du skal ha til middag dei kommande dagane.

OG du er utrusta når influensaen slår inn… Min pasient er 3 år og veldig kresen på maten. For å få i han noko som helst satsar eg på pølser i dag, med grønne linser og ovnssteikte grønsaker frå Findus. Eg er alltid på jakt etter rask, sunn mat. Det ER ikkje meininga at ein skal stå og lage middag i timesvis på ein kvardag! Eg har ikkje prøvd alle Findus sine produkter enda, men skal i alle fall rapportere om bladspinaten i kveld 😀

Oppdatering: bladspinaten var ikke dum. Den var heilt klart for dei voksne; dette blei for grønt og rart for dei små, men eg syns det er eit poeng at det er på bordet, så ser dei i alle fall at det er menneskeføde 😀 Med tid og stunder får dei interessen. Ting Tar Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: