Skip to content
08/02/2009 / kjersti70

Bake, steike, blande, røre, koke

Det har blitt mykje matlaging i det siste.

Første prosjekt vart gjennomført på fredag. Eg ville bruke resten av quinoa’en vi hadde til middag dagen før. Denne hadde kvitløk i, så eg tenkte å prøve meg på kvitløksbaguetter. Eg brukte ei ganske standard oppskrift på småbrød og gjekk i gang. Mulig at mengden quinoa blei for mykje; vil tru eg hadde ca. 3 dl. mot 6-8 dl mjøl. Uansett, baguettane heva seg ikkje, sjølv med dobbel hevingsstid, og sprakk i grunn berre opp i steikomnen. Dei blei harde og smakte ganske trist 😦 Alt gjekk i søppelet, men sånn er det gjerne i denne «bransjen». Eg prøver igjen ein annan gong! Her er nokre bilde frå prosessen, bl.a av min gode «Major». Kenwood Major vart kjøpt inn når Snuppa fekk diagnosen. Har ikkje angra på det kjøpet!

quinoa-i-broed

majoren

Eg har forresten slitt med hevinga på deigar i det siste. Mulig er det tørrgjæren eg brukar som ikkje er bra nok; må sjekke datoen! Eg har elles ein liten mistanke om at fersk gjær er hakket betre enn tørrgjær. Skal prøve dette neste gong!

Lørdag, i går, lagde vi risengrynsgraut. Akk ja; det er glutenfritt, men ikkje spesielt bra for blodsukkeret. Eg trur heller ikkje det er spesielt næringsrikt med risengrynsgraut. Melkemat har vel protein og litt vitaminer, men eg veit ikkje korleis dette blir i kokeprosessen. Eg har inntrykk av at når eg voks opp blei graut rekna som næringsrikt og bra. Åt ein ei skål med graut, så var mor fornøgd! Nå er eg ikkje så sikker lenger, men ein ting veit eg: mat er knytta til følelsar! Og derfor lagar eg graut; det er tradisjon, det var det eg fekk som liten, det var trygt, godt og varmt og koselig. Varm, mjuk graut med sukker, kanel og smør; det var trygt, søtt, varmt og koselig. Det var i tillegg lørdag og alle var glade. Og så vil ein overføre dette til eigne barn! Er det rart at vi alle gjerne vil holde på ein del tradisjonelle rettar 😀 Er det rart at einkvar kan få noia når barnet sitt får cøliaki?

groet

«Sukker» står det på boksen på bildet! Er den ikkje fin? Den er arvegods, og eg har alltid vore så glad i den. Og så klart; berre synet av den boksen etter at Snuppa fekk diabetes ga meg klump i halsen. Nå viste det seg at boksen ofte er i bruk likevel. Eg brukar berre vanlig sukker i mat til henne; aldri søtstoff. Smaken er rett og slett ikkje den samme, og vi syns ikkje sukker i mat er vanskelig å kontrollere etter at jenta begynte med insulinpumpe.

snop1Dette derimot, lørdagsgodtet, kan vere meir tricky! Det er alltid lørdagsgodt hos oss, og som alle ungar er dei veldig opptatt av dette snopet. Det blir nøye valgt ut i butikken, og resten av ettermiddagen blir brukt til å spørre om når barnetv startar! Klokka 18 får dei kvar si skål med desse etterlengta sukkerbombene. Dette går stort sett veldig greit; vi gir ein saftig dose insulin og måler jevnlig ut over kvelden for å sjekke at alt står bra til. Normalt treng ho ei eller to justeringar til for å få blodsukkeret ned. Denne laurdagen derimot, gløymde mor å passe på skikkelig. Når eg så målte henne for kvelden, dvs. rundt midnatt, var blodsukkeret altfor høgt! Stakkaren! Slikt går likevel bra; det er lett å gi henne insulinet som ho treng (pumpe er ein velsignelse), og ho tar heller ingen skade av å vere høg enkelte gonger. Heldigvis har vi som regel god kontroll på det heile.

Så er det dagens matlaging, søndag og morsdag! Far er på jobb, og minsten har plutselig fått feber og snue, så i dag måtte vi ta ein veldig rolig dag heime. Det var likevel mulig å bruke litt tid på kjøkkenet! Først laga vi Gulasj –  ei deilig ungarsk kjøttsuppe! Det er ei typisk vintersuppe med kraftig smak. Ikkje sterk, men veldig aromatisk. Suppa tar tid å lage, men ein kan heilt sikkert korte ned koketida ein god del og likevel få godt resultat.

Gulasj

olivenolje, ca. 1/2 dl. eller meir
storfekjøtt, ein god klump. Gjerne entrecote
1 stor løk, oppkutta
1 fedd kvitløk, knust
3-4 stilkar selleri, oppkutta
1 paprika, oppkutta
3-4 gulerøtter, oppkutta
3-4 poteter, oppkutta
1 boks hermetiske tomater
2-4 ss paprikapulver
salt, pepper, buljong
creme fraiche
vatn

Kutt alle grønsaker, sett potetene i ei eiga skål med vatn. Reinskjer kjøttet og kutt det i terningar. Fres løk og kvitløk gyllen i olivenolje. Ha i paprikapulver og gjerne meir olivenolje. La frese eit lite minutt. Ta det meste ut av panna og ha i kjøttet. Brun det, og ha løken tilbake i panna. Hell på vatn slik at det dekker, ha i salt, pepper og buljong, og la det småkoke ein times tid. Ha deretter i grønsakene, men vent med potetene. Ha også i tomatene. La småkoke 30 minutt. Ha deretter i potetene og la småkoke i nye 30 minutt. Til slutt rører du inn creme fraiche. Server!

Ungane kan godt få litt ekstra creme fraiche i si suppeskål for å gjere suppa meir kremet.

gulasj

Og så var det dessert da! Det har vi ikkje så veldig ofte, men i dag var det jo morsdag! Vi bestemte oss raskt for muffins; det er enkelt og greit å lage, og det er lett å involvere ungane i. Eg brukte oppskrift frå boka Glutenfri bakst og lagde Kladdmuffins som skal synke saman i midten og egentlig fyllast med is eller krem. Det hadde vi ikkje, så vi valgte sjokoladeglasur i staden, med pynt!

muffinsmuffin2muffin3

Advertisements

3 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Vibeke / Feb 9 2009 01:09

    Oi oi, du boltrer deg virkelig på kjøkkenet for tiden! 😀 Kanskje du ville hatt en oppskrift på sjokoladekake uten mel, som jeg fant på min søsters blogg? (Hvis du kikker på bloggrollen min, ligger lenken der til Eirins Roteskuff 🙂 )

    Jeg prøvde å lage den med splenda i dag, (lakarbotid), men det smakte rett og slett ikke så godt. Må ha klissent sukker i!

  2. Camilla / Feb 11 2009 23:57

    Hei, så flink du er til å bake da. Vi skal undersøke poden for sukkersyke (bl.a.) og venter på time hos spesialist. Det eneste vi må tenke på nå er at han ikke må ha noe melkeprodukter. Det setter jo en begrensning på bakingen, men vi blir etterhvert kreative med løsninger. 🙂 Må jo være litt slitsomt med insulin, men man blir vel vant til det etterhvert?

    Hvordan fant dere ut at hun hadde diabetes, har dere visst det fra hun var liten?

    🙂

  3. kjersti70 / Feb 12 2009 09:08

    Diabetes fann vi ikkje ut av før ho blei så dårlig at vi reiste til barnepoliklinikken 🙂 Hadde vore utslått i mange dagar; kasta opp, feber og tissa masse. Står meir om det under «Oss» 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: