Skip to content
05/02/2009 / kjersti70

Uff da!

Soyasausen som vi har pleid å bruke inneheld uhumskheter. Go tan soyasausMerket er Go Tan, og det er nå trekt tilbake frå det norske markedet. Ser ut til at det var produsenten sjølv som oppdaga problemet, og det er bra at dei tar saken alvorlig! Og tusen takk til Jannhild som tipsa meg!

Då må vi på leit etter alternativ, for Snuppa er glad i soyasaus 🙂 Nokon med tips? 😀

Vi har i det siste blitt meir og meir opptatt av dei lange deklarasjonane på baksida av produkta. Det er som om vi først nå, etter at vi faktisk måtte lese desse deklarasjonane, at vi ser at ting inneheld både det eine og det andre. Eg stoler stort sett på kva myndighetene seier er trygt å få i seg, men merker at eg blir litt skeptisk. Kva er det alt saman, og kva funksjon har det? Frå nå av vil eg prøve å kjøpe produkt som er glutenfrie, og som har kortast mulig varedeklarasjon. Ein kan jo dessutan lage ting sjølv; f.eks minst like godt Taco-pulver som det du kjøper i butikken. Oppskrift la eg ut for ei stund sidan 🙂

Elles er det snøvér her vi bur, og etter middag vågde eg meg ut med begge ungane. Jenta var i 7 når vi gjekk ut, og etter masse basking og herjing i snøen sprang eg inn og henta nokre sjokoladekjeks til begge to (glutenfrie så klart :D). Når eg endelig greide å få dei med meg inn igjen for kveldsmat var ho i 5.

Og her er kveldsmaten; havregryn med blåbærsyltetøy og litt quinoa-flak! Eg vågde ikkje bruke så mykje, for smaken er markant (men god). Det blei godt mottatt! Elles hadde vi kyllingvinger frå Prior til middag. Dei heiter Litt av en kylling Hot Provence

Eg veit ikkje heilt kvifor dei heiter «hot»; sterke er dei ikkje og Snuppa elskar dei. Ho får alltid med seg kalde kyllingvinger dagen etterpå, i matboksen. Vi serverer dei med tomater og salat, sjeldan noko anna, men i dag prøvde vi quinoa! Eg kokte quinoa’en, og deretter surra eg den lett i olivenolje med eit knust fedd kvitløk. Det skal seiast at det var dei to voksne som syns det smakte best. Minsten ville ikkje smake (det er standard), og snuppa smakte litt og meinte det smakte som «vond ost».. jaja, eg gir ikkje opp; restene skal eg ha i deig til små kvitløksrundstykker tenkte eg. Og neste gong vi har det til middag skal eg blande det med litt vanlig ris for å dempe smaken noko. Som sagt; vi voksne syns det smakte svært godt; litt som nøtter kanskje? Det anar meg at det er nydelig til steikt laks…

Nok om quinoa: her er Snuppa sin kveldsmat, med rosa skei og det heile:


kveldsmat1

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Nr. 3 / Feb 6 2009 19:53

    Flott blogg du har laget, gleder meg til å følge den. Har selv en gutt med melkeallergi og glutenintoleranse ++++

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: