Skip to content
04/02/2009 / kjersti70

Boktips

Ein av dei tinga som slo meg når jentungen fekk påvist cøliaki var: «Ånei! Eg blir aldri den mora som har nybakte boller og varm kakao når ungane kjem inn frå akebakken». Og «jammen…jammen.. ho skulle jo elske min blåbærpai!»  Eg oppdaga at ein stor del av min definisjon av «mor» dreide seg om baking og matlaging, og at eg ØNSKTE at det skulle vere slik.

Ei stund trudde eg altså at eg måtte redefinere morsrollen, men oppdaga etter ganske kort tid at ting var motsatt av kva eg trudde. For jammen får ein prøvd seg på baking med cøliaker i familien! Nå er rett nok behovet for søte kaker og boller blitt vesentlig redusert hos oss på grunn av diabetes. Det har vi ikkje hatt vondt av. Når det er sagt; vi har erfart at søte kaker med ekte sukker ikkje er eit spesielt stort problem for ein diabetiker med insulinpumpe. Etter at vi fekk denne «erkjennelsen» auka ønsket om å bake glutenfrie kaker og boller. Eg var også på utikk etter gode oppskrifter på brød.

Eg har alltid vore glad i kokebøker. Eg brukar dei som sengelektyre, noterer eigne erfaringar i dei, og kombinerer. Og for å seie det rett ut; der finst ikkje mange spreke kokebøker berekna på cøliakere… Mange av dei var berre tekst, eller inneholdt ganske kjedelige ting (etter mi meining da). Eit hederlig unntak er Glutenfri bakst av Charlotte Andersson. Her er mange oppskrifter som er fine for barn (ho har ei jente med cøliaki sjølv), og fine bilder. Eg har prøvd fleire av oppskriftene, og er storfornøgd med dei fleste (den der ostekake-greie bør du unngå). Her finn du alle dei gode klassikerane som barn likar, f.eks pannekaker, pepperkaker, boller og sjokoladekake; veldig greit om ein skal begynne å bake glutenfritt for første gang. I tillegg er det oppskrifter for meir vidarekomne; mange typar brød og rundstykker, med ein smak som i alle fall mi jente har likt veldig godt.

Mitt neste kjøp er Gluten-Fri trur eg. Den verkar å vere ei bok som kan passe meg 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: