Skip to content
29/01/2009 / kjersti70

Kjapp middag

Eg pleier vanligvis ha ein klar idé om kva som er middag til neste dag, men i dag satt eg på jobb og funderte på kva eg skulle finne på. Snuppa skulle på turn, og far ville ikkje vere heime før 17 (til å vere med minsten). Så det måtte bli ein rask middag, men glutenfri (ein grandiosa er f.eks utelukka), OG den måtte vere skikkelig, for Snuppa skulle faktisk turne, med dei følger det har for blodsukkeret. Dette ville vere 3. gongen ho gjekk, og eg har fått erfaring med at blodsukkeret rasar nedover når ho er i aktivitet. Eg har så langt pumpa i henne marshmellows under treninga (noko ho ikkje har protestert på i det HEILE tatt), men i dag tenkte eg at ho burde vere godt førebudd med litt skikkelig mat i magen.

Ok. Det blei pommes frites; ikkje spesielt sundt det da. Det gode med pommes frites er at det gir veldig høg blodsukkerstigning som varer lenge, og det ville eg teste ut i dag. Kanskje dei dagane ho faktisk får pommes frites er dei dagane ho skal trene? Ei anna lita utfordring er at fleire cøliakere melder at dei reagerer på pommes frites, fordi poteten er steikt i olje som ein også har steikt produkter med gluten i. Enn så lenge har vi ikkje opplevd dette med Snuppa, men det andre melder gjer at eg er litt skeptisk. Desse feite karbo-bombene blei akkompanjert med laks klappa inn med heimelaga tacopulver, grøn salat, cherrytomater og salsa frå glas. Snuppa likar den milde salsasausen, og knaskar lykkelig både salat og tomater. Flink jente! Fisk må vi lirke inn da.. men det kjem vel?

intro

Heimelaga taco-pulver? Ja, eg greier å lage det, og det er befriande å sleppe å kjøpe på dei små dyre posane som er ALTFOR salte!! Har du merka korleis då går og drikk heile kvelden etter å ha ete taco?? Oppskrifta under er veldig god; smakar nokså likt den kjøpte, men er mindre salt:

5 ts paprika
4 ts kummin (spisskummin)
3 ts kvitløkspulver
ein dæsj oregano (knus det litt mellom fingrane)
salt og pepper
ha i chilipulver og/eller kajennepepper om du vil, men forsiktig!
Til taco brukar du 1 dl. pulver til 4-500 gr kjøttdeig.
Er også godt på kyllingfilet og laks!

Og treninga var gøy! Snuppa starta økta med altfor høgt blodsukker, men sprang seg ned til 5 i blodsukker i løpet av 45 minutt! SÅ gøy var det! Eg erfarer at ho  rett og slett må starte turninga med minst 15 i blodsukker om det skal holde i 45 minutt. Så må eg sitte på sidelinja med banan og søtsaker i backup. Det hadde vore deilig å berre gå ein runde i ein butikk eller to i mellomtida, men sånn er det med oss diabetiker-mødre.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: