Skip to content
28/01/2009 / kjersti70

Sukkerungen er oppretta!

Då har eg endeleg oppretta bloggen! Eg har lenge hatt i tankane å opprette ein blog som omhandlar barn med diabetes og cøliaki. Enten det eine, eller det andre, eller dobbeltdiagnosen. Søker ein på dessa tema finn god informasjon hos Norges Diabetesforbund og hos Norsk Cøliakiforening. Likevel saknar eg meir om korleis det er å leve med diabetes og cøliaki, og kanskje særlig det å ha eit barn med desse diagnosane. Ikkje minst har eg sakna drøftingar og utveksling av erfaringar! Der finst grupper og møter arrangert av forbund og interesseforeningar, men i ein travel kvardag med små barn er det vanskelig å vere aktivt med. Å treffast på nett er mykje enklare og meir effektivt, særleg for eit nett-dyr som meg. Eit forum for dei med diabetes hadde vore tingen! (der finst eit forum for cøliakere) Eg vil (enn så lenge) ikkje påta meg jobben med å drive diabetesforum, men ein blog skal eg vel kunne greie.

Derfor: Ta-da!! Sukkerungen er oppretta!

(slikt blir til når ein likevel er heime med ein 5-åring som måtte heim frå barnehagen fordi brønnen for insulinpumpa datt ut…)

Bildet over ( i alle fall i skrivande stund) er av snuppa sine muffins på 5-årsdagen sin. Dei blei tatt med til barnehagen, og rubbel og bit blei fortært! Og ja, ein diabetiker med cøliaki kan absolutt ha deilige, søte muffins på bursdagen sin! 😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: