Her i huset har diabetesbarnet hatt ein dag med omgangssjuke. I dag har ho vore mykje betre, men trengte å vere heime frå skulen for å få magen i gjenge igjen.
Alt som ho putta i seg i går kom opp igjen i løpet av eit kvarter. Likevel er det viktig å få inn væske og næring; for kroppen greier å ta til seg litt likevel. Ein av dei tinga som ho greide å få i seg var litt havreavkok. Dette fekk eg sjølv som barn, og det pleier stort sett å bli akseptert av den sjuke.
3-4 dl. vatn
1-2 nevar havregryn (glutenfrie)
smakstilsetning, t.d sukker, fruktose eller saft
Kok gryn i vatn ca. 10 minutt. Hell blandinga gjennom ein sil/sikt og ned i ei skål. Smak til avkoket med litt saft; det gir ein finare farge (rååsa! ) og søtare smak. Eg har brukt saft med sukker, men sukkerfri saft går jo også fint.
Blodsukkeret holdt seg fint og stabilt heile dagen. Det plar gjere det når ho er sjuk. Det er vanlig at det styrer seg sjølv heilt; pumpa er kobla på og gir basisdosen, og sidan ho ikkje et noko særleg får ho svært sjeldan bolusdosar. Som regel er ho nesten lettare å regulere når ho er sjuk, og ikkje et, enn når ho har vanlege dagar med måltider.
Denne gongen med omgangssjuke fekk vi derimot problem. Årsaka var at brønnen til pumpa slutta å fungere. Det får ein kalle dårlig timing, for slikt er vanskelig å oppdage når diabetikeren ikkje tar bolusdosar. Detvar først seint på kvelden, lenge etter at vi tok forrige mål, at vi oppdaga at ho hadde for høgt blodsukker. Då ga vi med penn, og skifta brønn, men det tok likevel tid før blodsukkeret vart normalt. Kombinasjonen oppkast – dehydrering – høgt blodsukker var også uheldig. Faren for alvorlig uttørking er sjølvsagt langt større når den som har omgangssjuke også har høgt blodsukker! Så eg sat med henne i fleire timar og ga henne jevnlig små munnar vatn. Eit glas med sugerør fungerte fint, og ho drakk i halvsøvne. Elles verka formen hennar bra; ho var både fornuftig og samarbeidsvillig mellom bøtteslaga, og ettersom sjukdommen slapp taket og blodsukkeret havna der det skulle vere, sovna både mor og barn ganske utmatta på morgonkvisten
Vi inviterte ein liten venn til kakebaking i går, og eg hadde egentlig tenkt å lage pepperkaker. Desverre var skapet tomt for sirup (det brukar vi verkeleg ikkje ofte), så det passa veldig bra å få telefon frå Jannhild der ho gledesstrålande kunne fortelle at ho hadde funne fram til ei super god oppskrift på glutenfrie kakemenn. Denne noterte eg sjølvsagt ned, og julekakebakedagen var redda. Takk Jannhild
Kakene var fine å bake ut. Deigen var temmelig våt i bollen, men etter ei natt i kjøleskap var den god og fast å jobbe med. Tre par ivrige hender trylla fram 4 brett kakemenn av denne deigen. (eg syns ikkje dei smakte heilt som kakemenn, men meir som sånne skotske smørkjeks, og DET er det ingenting gale med. Dei var rett og slett gode! (Jannhild: eg syns ikkje mine blei spesielt tørre; kanskje det er betre å kutte ut potetmjølet ja)
GLUTENFRIE KAKEMENN / SMØRKAKER200 gr. smør 300 gr. sukker (yes, I know, men ein kan nok erstatte ein del med erstatning) 3 dl rømme
700 gr. glutenfritt mjøl (eg brukte Semper fin mix) 4 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
Rør smør og sukker kvitt, gjerne i ein kjøkkenmaskin. Rør inn rømmen, og ha deretter i det tørre. Slå det heile samen nokre minutt i maskina. Dekk til og sett kjølig i minst ein halv time. Min deig sto over natta. Kjevle, stikk ut, steik ved 200 grader i ca. 8 minutt.
Ja, i desse svineinfluensatider er det ikkje alltid like lett å halde seg orientert om kva som skjer. Det siste frå oss når det gjeld dette er at jenta truleg får vaksine i morgon. Med mindre det IKKJE er i orden at ho har fastlege i ein annan kommune da.

Vi har aldri tvilt på at ho skulle få vaksinen. Det er klart at ein kan virre seg inn i diverse teoriar om den er testa godt nok, men på eit eller anna tidspunkt må ein ta eit val ut frå den kunnskapen ein har. Etter kva eg har fått med meg så er det ingenting som sikkert viser at vaksinen har ført til død nokon stad (i dag er det oppslag om nokre svenskar, men det var da visselig ganske tilårskomne eller svært sjuke svenskar… kanskje ein kan snu litt på det og påstå at det er dødelig å vere svensk?). Ut frå det vi kjenner til, så er det ingen grunn til å nøle med å gi jenta vår vaksine. Helst vil vi ha det for oss alle fire, men vi andre tre må pent vente i kø.
Det er lenge sidan forrige blogpost, og mykje har skjedd i sidan den gong, men ingenting av større art. Ho er blitt 6 år, som bildet over viser. Vi har vore i Spania ei veke, etter at influensaen braut laus i Norge, men før denne siste store bølga av smitte begynte. Der sat folk i flyet med munnbind på, men elles tenkte vi lite på smittefaren. Det å reise med ein diabetiker med cøliaki i Spania viste seg å gå veldig fint. Der var ingen problem å finne mat til henne, sjølv ikkje på uteplassen der vi åt bursdagsmiddagen hennar. Kelneren kunne på stotrande engelsk fortelle at han aldri hadde høyrt om cøliaki før, men kylling, salat og pommes frites var på menyen og det åt ho gjerne (enkelte med cøliaki har problem med pommes frites forresten, fordi olja er forurensa av glutenholdig mat som også er blitt fritert – vi har ikkje merka problem med dette). Elles kjøpte vi ferdig grilla kylling som var heilt fantastiske; store, saftige og møre. Sidan vi budde i huset til mine svigerforeldre kunne vi bake eit brød som rakk den veka vi var der nede. Alt i alt var det ein veldig fin tur, og diabetes/cøliaki skapte ingen større vanskar.
Eg har elles laga mykje mat sidan forrige blogpost, og har tatt bilde av mykje av det, med tanke på å legge ut oppskrifter. Det har nå ikkje blitt, enda, men det kjem, det kjem…
Eg har, som alle andre, ei mor som lagar verdens beste kjøttkaker. Dette har ikkje utan vidare smitta over på meg. Gjentatte gonger har eg prøvd med på kjøttkaker, og fått som resultat nokre tørre, harde, underlige klumpar. Ein kan jo ikkje gi opp sånn utan vidare, og eg innsåg etter kvart at det var ikkje oppskriftene som eg prøvde det var noko gale med; det var steikemåten.
I dag prøvde eg ut kjøttkakene hos Matprat:
400 g kjøttdeig (eg brukte faktisk karbonadedeig)1 ½ ts salt ¼ ts pepper ¼ ts malt muskat ¼ ts malt ingefær 2 ss potetmel 1 ½ dl vann eller melk
Eg likar eigentleg løk i kjøttkaker, men gløymde det ut. Det skal eg ha i neste gong. Til saus juksa eg og tok to pakkar av Knorr sin GAMLE fløtesaus. Dei klarte det kunststykket i vår å skifte ut sin gamle glutenfrie fløtesaus med ein fløtesaus med kveitemjøl i. Skikkelig smart. Eg ringde og klagde, og dei hadde fått mange klager; men hadde altså gjort dette skiftet utan å tenke på at nokon var allergisk. Nok om det. Eg har sikra meg ein heil kartong med glutenfri saus før den forsvann frå butikkane, så eg har ein del å ta av.
Ingrediensane til kjøttkakene blir lagt i ei matmølle, og frest godt i eit minutt og to. Deretter la eg ei skei farse i glovarm steikepanne. Kakene blei steikt eit par minutt på panna, og deretter plumpa i varm saus. Dei hadde då ei god og mjuk rå-rand. Kjøttkakene fekk trekke medan poteter, gulrøtter og blomkål blei kokt møre.
Og endeleg fekk eg velsmakande, mjuke kjøttkaker (med god steikeskorpe). At dette var ein suksess kan de sjå under:

Det er på tide å vise fram Bento-boksen eg har kjøpt. Eg ramla tilfeldig over dette med Bento, og oppdaga at dette er visstnok ein farsott. Etter litt googling og lesing fann eg ut at det egentlig ikkje er anna enn eit japansk ord for “nistepakke”. Enkelt og greit. Det er snakk om medbrakt, nedpakka lunsj, i ein dertil velegna beholdar. Ein treng IKKJE kjøpe ein spesiell bento-boks, ein kan like gjerne vere “bentoianer” med ein boks frå IKEA. Søker du på Bento på nettet vil du raskt finne ut at folk er verkeleg entusiastiske. Der finst ei eiga flickr-gruppe der folk legg ut bilde av nistepakken sin…. Eg skal ikkje kommentere det, anna enn at det kan vere inspirerande. Og det er jo bra!
Eg var nysgjerrig på kva desse Bento-boksane var og handla meg to stk på Ebay, med litt tilbehør. Det fine med mange av Bento-boksane er at dei har fleire rom og ein del smått tilbehør som kan vere praktisk. Eg har f.eks lenge ønska meg ein bitteliten tett beholdar til dressing og ketchup. Det eg bestilte kom i posten for vel ei veke sidan. Det første som slo meg at dette var jammen meg japansk størrelse… for boksen ER liten. Når boksen kom i bruk viste det seg at den rommar meir enn eg trudde. Rett nok vil der aldri vere plass til meir enn maks to skiver, og dei må delast på tvers for å komme ned i den vesle boksen. Men det positive er at der er to hovedrom der eit kan delast med ein justerbar skillevegg.

Som de ser på bildet har ho alltid med seg noko ekstra, som ikkje får plass i boksen. Eg kjøpte for ei god stund sidan nokre sydde nisteposar i stoff, som blir lukka med borrelås. Veldig søte! Den eina har eg nøtter og mandler i, den andre skal ho ha til SFO og inneheld ei skive eller ei riskake. Ofte har ho også yogurt, skyr eller ekstra frukt (ho får frukt på SFO).
Her eit nærbilde av elefanten; ein bitte-bitteliten boks som ho i morgon får ketchup i (til kjøttbollene, rester frå i dag).

Og slik ser boksen ut når den er satt saman. Det er altså to hoverom som står oppå kvarandre. Det nederste er noko smalare enn det øvste. Oppå kvar lag er det eit lok som IKKJE sit fast. Over dette igjen topplokket (under topplokket er det plass til spisepinnar som fulgte med boksen, desse tok eg naturleg nok bort, og pleier putte agurkskiver her). Boksen blir lukka med ein strikk, som også fulgte med. Den kjem garantert til å komme bort, men ein kan like gjerne bruke ein syltestrikk eller hårstrikk. I tillegg blir boksen plassert i ein pose. Posen fulgte med (på denne Bentoen, den andre eg kjøpte kom uten), men eg kjøpte ein ekstra bag som har folie inni – og dermed held den maten kjølig litt lenger kanskje?

Og slik er bag’en eg kjøpte; syns den var veldig søt! Bag’en til poden er lik, men i blågrønt. Oppi her er det plass til boksen og dei to ekstra posane i rosa. Skyr får ikkje plass. Bildet under viser “isolasjonen” i bag’en. Den er ok, men tviler vel egentlig på at den vil ha stor effekt for kor lenge maten held seg kjølig…


Og til sist; bildet av lappen eg lar følge med i matboksen. Det er ikkje så lett for læraren å få med seg kva ho et. Læraren sit gjerne og les høgt for ungane medan dei et maten sin. Ho kan derfor ikkje følgje nøye med på kva jenta vår puttar i munnen. Derfor denne lappen. Den blir holdt oppdatert utover dagen ved at lærarane stryk over det som blir oppete. Dei snakkar sjølvsagt med jenta kva ho har ete, men kan i tillegg ved hjelp av lappen sjekke kva mat som er blitt borte. Vi har i tillegg lagt inn nokre tips om insulinmengde til kvar mattype. Det har vore viktig nå i starten når lærarane skal lære kva type mat har mykje karbohydrat og motsatt.

Vi er godt i gang med skulen. Det går veldig bra! Lærarane har tatt utfordringa på strak arm, dei vurderer matinntak og gir insulindose over ein lav sko. Jenta har fine blodsukkermål; er vel nesten jevnare på skulen enn det ho er heime. Og ikkje blir vi nedringt heller; lærarane følgjer tabellen, og alt verkar å fungere supert. I dag hadde vi rett nok eit uhell med at brønnen vart reven ut, og ho måtte hentast litt tidlig frå SFO. Slikt skjer av og til, men sjeldan.
På bildet under ser de henne sitte og ete sin nye favoritt; tomater, basilikum, cottage cheese, olivenolje og eit lite dryss salt.

Det starta med at ho spurde meg om basilikumplanten i kjøkenvindauget. Om ho kunne smake? Ho har smakt det før, og ikkje likt det, men ho er velsigna med ein medfødt nysgjerrighet på nye matvarer. Så nå smakte ho på nytt, og likte det! Så då laga eg denne salaten til henne. Nå har eg begynt å sende slik salat med henne til skulen av og til. Eg har tenkt å kjøpe inn mozarellaost, som det jo egentlig skal vere i slik salat, og sjå om ho likar den.
Matpakkane til skulen prøver eg å gjere varierte og innhaldsrike. Eg har kjøpt ein ny matboks til henne (meir om den i ein planlagt blogpost), og denne fyller eg til randen med mat ho likar. Her har vi typiske matpakkar:
A) Spekeskinke og agurkbitar Cherrytomater Salatblad og sukkererter Bitar av karbonade (frå middag i går) Kokt egg NøtterEi skive med smør og ost 1/2 knekkebrød med ost, 1/2 knekkebrød med makrell i tomat Ein riskjeks med smør og ost …
B) Ei plomme Tomatsalat med basilikum, cottage cheese, olivenolje Ferskenbåtar surra i spekeskinke Nøtter Eplebåtar surra i ost Nokre pølsebitar frå i går – tomatbitar
Ei skive med leverpostei og agurk Ei riskake ….
C) Kyllingklubber (frå middag i går) Yogurt To skorper med smør og ost Ei halv pære Tomatsalat med skinkebitar Ei skive med makrell i tomat …..
Berre for å vise litt av kva den rare ungen et. Eg veit godt at dette er ikkje noko som alle 5-åringar vil finne på å putte i munnen. Ho seier “Sander sier at han liker isje nåkke av min mat” (til gjengjeld et han visstnok fint polarbrød med prim heile tida… )
Endelig! Nokon har tatt til vettet og tatt “skyr” tilbake til Norge” Eg har tidligare blogga om den islandske skyren. Det er ein ost (nei, dette er IKKJE yogurt) som er propp full av protein, har nesten ingen fett og ingen sukker. Opprinnelig heilt sikkert laga i Norge også, i hin hårde vikingdager, men har kun overlevd på Island. Skyr er perfekt for ein diabetiker sidan det nesten ikkje gir blodsukkerstigning. Det er også perfekt slankemat. Den høge andelen protein i skyr gjer at ein held seg god og behagelig mett leeeenge. Mannen min (som er islandsk), pleide å ete eit halvt kilo skyr til frokost, og det holdt han mett til ettermiddagen. Ikkje rart han var tynn…
At ingen norske produsentar av melkeprodukt har fatta for ein skatt skyr er, før nå, er meg ei gåte. Mannen min har sendt epost til både q-meieriene og Tine, men aldri fått svar. Eller er det på grunn av desse epostane at Q-meieriene nå er i gang?
Ikkje veit eg; dei har i alle fall komme med dette:
(bilde frå Q-meieriene)

Eg oppdaga dette produktet heilt tilfeldig i går tidlig; eg måtte innom ein butikk før eg gjekk på jobb for eg hadde ete for lite frukost. Eg såg etter frukt og yogurt, og fann desse. Sporenstreks ringde eg mannen min og fortalde den glade nyhet. Og så kjøpte eg meg skyr! Fantastisk!! På norsk jord!
Til nå har vi smakt den med skogsbær og vanilje, og den med jordbær og granateple. Den siste av desse to var klart best. Skogsbær’en var temmlig sur og snurpete i munnen. Eg er ikkje så glad for at det er brukt kunstige søtningsmiddel i dette, men det klare ikkje døyve lykken over å ha fått lett tilgang til skyr. Så håpar eg at q-meieriene snart kjem med ein naturell variant. Den syns eg er den beste; rørt med sukker og fløyte. Då er det ingen slankekost lenger, men oi, så deilig dessert! Skyr kan også erstatte mascarpone i alt der mascarpone blir brukt. Og det geniale er at skyr faktisk smakar litt “fløytete”. Den har ein kremaktig, litt fast konsistens, men litt rund fløytesmak.
I følge kjelder på nettet har visst skyr blitt godt mottat så langt. Det stemmer med det eg ser i butikken; eg har til nå funne skyr i tre butikkar, og det har berre vore nokre få igjen i hylla. Eg har funne skyr på Spar, Ica og Meny, men Coop, som berre har Tine-produkt, har det ikkje.
Løp og kjøp!
I går sto fiskesuppe på menyen. Eg har ikkje tidlegare laga dette så ofte og har inga god oppskrift. Så eg googla, og fann ei oppskrift som eg tok utgangspunkt i. Suppa blei veldig godt mottatt, sjølv om ungane mine er skeptiske til alt som har med fisk å gjere (sørgelig men sant). Det hjalp nok på at dei var skubbsultne etter 3, litt våte, timar i blåbærskogen.
Oppskrifta under er basert på denne oppskrifta hos Aperitif, men med litt justeringar etter vår smak.

2 persillerøtter 2 stilkar selleri 1 pressa kvitløksbåt 1 ss meierismør 200 gr Philadelphiaost eller annan nøytral smørbar ost
1,5 l vatn + 2 terningar fiskebuljong (sjekk at det ikkje er gluten i) 2 ss creme fraiche, om du vil 2 ss maizena rista ut med 1 dl. matfløyte
2 ss saft frå sitron Fisk, så mykje du vil ha. Kombiner gjerne laks med kvit fisk Reker, så mykje du vil ha Salt, pepper og eventuelle grønne krydder
Kutt alle grønsaker smått; eg skar dei ned til ca. 1×1 cm. Fres grønsaker i smør nokre minutt. Ha i buljong og ost. La det koke opp. Ha i creme fraiche, blandinga av maisenna og fløyte, samt sitronsaft. Kok opp på ny og smak til med salt og pepper. Rens fisken og skjer i små terningar, ca. 2×2 cm. Slå varmen av panna og ha fisken i. La den stå på ettervarmen nokre minutt til fisken er gjennomkokt (det går veldig fort). Legg rensa reker i suppeskålene og ha suppa over. Server gjerne med kvitløksbrød til.
Som sagt, ungane åt mykje. Eldste fiska også opp fiskebitar, medan minsten nøya seg med å dyppe brød i suppa og å ete med skei. Utruleg nok klaga dei ikkje på dei grøne purreløkbitane. Kanksje var dei for små til at dei brydde seg om det. Dette blei masse suppe, så det er rikelig til to voksne og to barn.
Tittelen på denne posten er henta frå kronikken til Sjur Holsen i Bergens Tidene i dag. Eg oppfordrar alle til å lese den; den er heilt tatt på kornet (han har forresten alltid gode kronikkar). No håpar eg at nye krav til merking av fisk vil bli brukande, og vil kunne påverke bransjen, slik at det er mulig å få tak i god fisk i dette landet. Islendingane får det til forresten.
Når min islandske svigerfamilie er på besøk serverer vi aldri fisk. Og vi slit med fiskemiddagane i familien. Eg, som nordmann, greier å svelge ned dei tørre, lett transmakande fiskebitane, men mannen min, som er van med god fisk frå sitt heimland, har eit klart problem. Og ikkje kan vi forvente at ungane vil ha det heller! Men O lykke! Nå har vi oppdaga Salma-laksen!
(bildet er henta frå Salma sine nettsider)

Eg har tidlegare blogga om bekymringar rundt norsk oppdrettslaks, og den gjeld enno. Problemet er at eg gjerne vil ha ungane til å ete fisk, og jammen meg har dei fått smaken på Salma-laksen. “Godt” uttaler dei, og mor stråler av lykke. Islendingen nikkar også fornøgd. Så enn så lenge har vi slått oss på Salma-laksen og har hatt mange fantastiske fiskemiddagar i sommar – basert på Salma-laks. Og den ER fersk! Den er slakta og pakka minimum 4 timar etter at den blei tatt opp, og ved dette rekk ein å sløye fisken før han blir døds-stiv (eller kva det no heiter.. rigo mortis?) . Ei slik behandling av fisken er ikkje vanleg etter kva eg forstår; det er meir vanleg å ta fisken opp, la den henge til han ikkje lenger er stiv, for så å filetere. Deretter skal fisken pakkast og sendast, og med det har det allereie gått mange dagar før den er presentert som fersk i kjøledisken.
Ein pakke Salma er med andre ord LANGT ferskare enn laksen du ser i frysedisken. Berre prøv! På Salma sine sider finn du liste over kva butikkar som har Salma laks. Vi spør i butikken når dei får den inn, og handlar fisken same dag som den kjem, normalt onsdag og fredag i vårt distrikt. Den kan gjerne ligge nokre dagar i kjøleskapet heime utan at ein merkar noko på kvaliteten. Genialt! Kanskje laks nå kan erstatte den obligatoriske kjøttdeigpakka i kjøleskapet?













